NRK Meny
Normal

Syklist sendt til sjukehus etter kollisjon mot bil

Ein person er sendt til sjukehus med ambulanse etter ei trafikkulukke mellom ein bil og syklist i Naustdal.

Ulukke

TRAFIKKULUKKE: Trafikkulukka med ein syklist og ein bil skjedde i Naustdal.

Foto: Jan Normann Erdal

NRK oppdaterer saka.

OPPDATERT 16.00: Helse Førde melder at på Twitter at syklisten er alvorleg skadd og vert overført til Haukeland med helikopter.

– Syklisten er sendt med ambulanse til sjukehus. Det er snakk om ein mann i 70-åra. Det var front mot front. Syklisten hamna på panseret og vart kasta over bilen, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Espen Gulliksen.

Ambulanse, politi og luftambulanse rykka ut til ulukka. Syklisten er sendt til Førde sentralsjukehus.

– Det er snakk om personskade, seier Gulliksen.

Politiet fekk melding om ulukka rett før kl. 13.

– Ulukka har skjedd i Naustdal og ved bakken opp til sjukeheimen, seier Gulliksen.

Gulliksen opplyser om at bilisten er fysisk uskadd.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.