Hopp til innhold

Syklar over 3.000 kilometer for å hindre familievald

Kring 20 personar syklar Norge på langs for «Ein barndom utan vald». I dag var turen komen til Askvoll.

Ada Sofie Austegard og syklistene som syklar Norge på langs.

PÅ SYKKELTUR: Ada Sofie Austegard har med seg kring 20 syklistar som syklar for «Ein barndom utan vald».

Foto: Kenneth Karlsen

Det er Stine Sofies Stiftelse som står i bresjen for sykkelturen som starta frå Lindesnes Fyr 19. mai. Etter planen skal turen ende på Nordkapp 19. juni.

Torsdag gjekk turen frå Manger til Askvoll.

– Vi ynskjer å setje søkjelys på kor viktig det er at folk i nærmiljøet melder ifrå om dei ser eller veit om born som ikkje har det bra, fortel leiar i stiftinga, Ada Sofie Austegard.

Mista dotter

Torsdag vart det kjent at Sogn og Fjordane politidistrikt i fjor registrerte kraftig auke i tilfelle der born er blitt utsette for vald frå ein nær omsorgsperson. I alt registrerer politidistriktet kring 150 familievaldssaker årleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ada Sofie Austegard

MISTA DOTTER: Ada Sofie Austegard.

Foto: Kenneth Karlsen

19. mai 2000 mista Austegard dotter si Stine Sofie då ho vart drepen i Baneheia i Kristiansand. Dette gjorde at ho starta stiftinga. No ynskjer å ho å informere både born og dei som kjenner til born som blir utsette for vald.

– Eg unner ingen å oppleve det at det skal gå svært gale med eit barn, og så var det nokon der ute som visste det og som aldri melde ifrå. Det må vere grufullt for dei personane å tenkje på i ettertid, seier ho.

Gir motivasjon

I 2008 fekk Austegard Kongens fortenestemedalje i gull frå HM Kongen for «eit særskilt fortenestefullt arbeid av stor nasjonal betydning for å styrke rettsvesenet for barn og rettsstillinga for pårørande i saker om overgrep mot born».

For to år sidan gjekk ho vel 570 kilometer på tvers over Grønlandsisen for å markere tiårsjubileet for Stine Sofie Stiftelsen. Når ho igjen ville ut for å møte folk, meinte ho over 3.000 kilometer på sykkelsetet ville vere ein god måte.

– Ingenting er betre enn å sykle for ei god sak. Det er tungt, men så tenkjer du at det er born der ute som har det så mykje verre. Det gir motivasjon til å halde fram, seier ho.

Samlar inn pengar

Alarmtelefonen for barn og unge 116111, Lions og BarnsBeste er også med på sykkelturen. I Askvoll var det torsdag kveld føredrag på skulen.

Undervegs samtalar dei med born om kva som er lov og ikkje, og samlar inn pengar til Senter for valdsutsette born som stiftinga vil opne i 2015.

– Mottakinga har vore utruleg god. Vi har opplevd at barnevernet står langs vegen med plakat, skuleklassar som møter oss og skuleklassar som syklar saman med oss eit stykke, seier ho.

Blir sjølve valdsmenn

Bodskapen er enkel. Born skal verken vere vitne til eller utsetjast for vald og overgrep.

Familievaldskoordinator i Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen, tykkjer sykkelturen er ein god måte å få merksemd og spreie bodskapen.

– Forsking viser at dei som veks opp med vald i heimen, sjølve blir valdsmenn. I nokre tilfelle kan nok det stemme, seier han.

Oppretta eiga eining

Sogn og Fjordane politidistrikt oppretta i 2011 eit nytt spesialteam for å etterforske utukt- og familievaldssaker.

– Dette er saker som har høg prioritet, men som i høve til bevis kan vere vanskelege og kompliserte og etterforske, sa politimeister Johan Brekke i fjor haust.

Like før starta politiet etterforskinga av ei sak der eit foreldrepar var mistenkte for å ha påført barnet sitt grov vald.

Er toppen

Gulliksen fryktar at dei kring 150 familievaldssakene dei årleg får på bordet, berre er toppen av eit isfjell. Han viser mellom anna til at Krisesenteret frå kring 1.100 telefonar frå menneske som treng hjelp og rettleiing i vanskelege situasjonar.

– Det er vanskeleg å måle mørketal på vald i nære relasjonar, seier han. Politiet kjem over ein del oppdragar vald – vald når born ikkje høyrer etter.

– Det er alvorleg fordi dei som utfører det, er barnets næraste tillitsperson og skal beskytte barnet. Det skaper sjølvsagt forvirring for eit lite barn når den som skal beskytte straffar dei slik, seier Gulliksen.