Sykkel-VM vil råke ambulansane

Sykkel-VM i Bergen får konsekvensar for pasienttransportane mellom Helse Førde og Haukeland universitetssjukehus. Frå 16. september til 24 september vert store delar av sentrumsområda i Bergen avsperra på dagtid. Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, seier at ambulansetenesta er budd på situasjonen som kjem.