Hopp til innhold

Svinga unna hjort - køyrde av vegen

Ein 19 år gammal gut vart send til Førde sentralsjukehus med mildare skadar etter ei utforkøyring på riksveg 15 ved Skredestranda i Eid kommune i natt.

Skredestranda

– Ein bil køyrde utfor på Skredestranda i natt. Det var ein person i bilen. Han vart skadd i ulykka og køyrd til sjukehus med ambulanse, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Espen Gulliksen.

Ulykka skjedde like etter klokka 23.30.

– Det skal ikkje ha vore glatt då ulykka skjedde, men sjåføren gjorde ein unnamanøver for å unngå å treffe ein hjort, seier Gulliksen.

AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser at den 19 år gamle mannen er mildare skadd og stabil, og innlagd ved kirurgisk avdeling.