Siktinga omfattar verdiar for rundt 200 000 kroner, men erstatningskrava er på 160 000, fortel politijurist Rune Stenstrøm.
La korta på bordet
Mannen vart framstilt for varetektsfengsling i Indre Sogn Tingrett onsdag. Der la han alle korta på bordet, og gav ei tilståing utan atterhald. Mannen har forsynt seg med ein del gullur, større mengder brennevin og ei rekkje varer, tenester og kontantar frå bedrifter i eit område frå Indre Sogn og austover.
Svindlaren har allereie sete i varetekt i fire veker, og må no førebu seg på vidare varetekt. Påtalemakta fekk medhald i argumentasjonen om at det er stor fare for gjentaking.
Strafferabatt
På grunn av tilståinga, kjem saka opp til doms allereie torsdag, som ei såkalla tilståingssak i Tingretten. Då kan mannen også vente seg ein strafferabatt, fordi han har vore så samarbeidsvillig.