Hopp til innhold

Sven Flo får krass kritikk

Høgre sin andrekandidat til Stortinget vil forlate Sogn og Fjordane til fordel for Møre og Romsdal, no får han pepar ifrå alle hold.

Sven Flo

FÅR KRITIKK: Sven Flo møter mykje motbør med utspelet sitt om at Stryn kanskje bør forlate Sogn og Fjordane

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg vart veldig forundra då eg høyrde utspelet til Sven Flo. Dette kjem ikkje til å vere bra for Høgre i den valkampen vi skal inn i no. Det seier fylkespolitikar for Høgre Bjørn Hollevik.

Det var ei konfliktfylt nominasjonskamp i Sogn og Fjordane Høgre, og sitjande stortingsrepresentant Bjørn Lødemel vart til slutt vraka. Eit av hovudargumenta mot å ha han som kandidat var at kommunen han kjem ifrå, Hornindal, har meldt overgang til Møre og Romsdal.

No har partiet sin andrekandidat Sven Flo signalisert at han vil det same. Han vil gjerne ha med seg Stryn over fylkesgrensa til Møre og Romsdal. Om Høgre skulle få inn to stortingsmandat ved stortingsvalet, betyr det at ein av representantane frå fylket vil forsvinne til nabofylket i løpet av stortingsperioden.

Tenksam Bjørn Hollevik

KRITISK: Bjørn Hollevik er kritisk til sin eigen partifelle, Sven Flo

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fryktar at veljarane skal bli skremde

Bjørn Hollevik fryktar at det skal skremme veljarane frå å stemme på Høgre.

– Eg tykkjer det er underleg av Sven Flo å gå ut slik når han er stortingskandidat, og eg fryktar at veljarane kjem til å meine det same.

Og det er ikkje berre frå sine eigne Sven Flo får høyre det. Politiske motstandarar i dei fleste andre parti vart overraska over utspelet til Flo.

– Har Sven Flo tenkt til å drive valkamp på at Sogn og Fjordane skal bli det fylket som er dårlegast representert i Stortinget? Spør KrF sin førstekandidat Tore Storehaug seg.

Han seier at Sogn og Fjordane treng dei stortingsmandata vi har.

– Om Sven Flo forsvinn over til Møre og Romsdal i løpet av perioden, betyr det at vi sit att med berre tre representantar frå Sogn og Fjordane på Stortinget. Eg håpar veljarane unngår det, og heller røyster på eit anna parti enn Høgre, seier Storehaug.

Tore Storehaug

MERKELEG: KrF sin førstekandidat Tore Storehaug, tykkjer utspelet til Sven Flo er merkeleg.

Foto: Peter Lang

Høgre har hatt to representantar inne frå Sogn og Fjordane på fleire meiningsmålingar, og Sven Flo har med det vore inne. Han vil likevel ikkje gå med på. |

– Stryn er i dag ein del av Sogn og Fjordane, og det er det eg held meg til, seier Flo.

Vil helst ha eit storfylke

Han understrekar at regionreforma er ein prosess som tek tid, og at veljarane lyt ha respekt for det.

– Det eg jobbar for er ein region beståande av Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Det er det som er førsteprioriteten vår, og det er det vi kjemper for.

Det er likevel slik at Møre og Romsdal ikkje ønskjer ein slik region, og mykje tyder på at dei kjem til å få lov til å halde fram som eige fylke. Det er i denne situasjonen at Sven Flo ønskjer at Stryn skal sjå nordover.

– Der som vi ikkje får til den regionen som eg ønskjer, så vil eg heller ha eit tyngdepunkt nordover, ja.