Hopp til innhold

Elevar og foreldre svært nøgde med kvelden

For 10. året vart det i går kveld arrangert rusfri aktivitetskveld for 10.-klassingane ved Førde ungdomsskule og Halbrend ungdomsskule.

Elevar frå 10. klasse i Førde testar veltepetter frå NAF på rusfritt arrangement 30. april

KOMBINASJON: Ein kveld med aktivitetar gir både moro og læring, seier Jonvald Naustdal. NB: NRK har problem med speling av video og radio i ettermiddag, men når det er løyst kan du sjå videoen her.

Erfaringane frå tidlegare år har vist at det er eit populært arrangement, og det vart det også i år. Med dei 15 elevane frå Eikefjord skule var til saman rundt 149 elevar frå 10. klasse samla i Kråkenesmarka.

– Dette er ein fryd å vere med på. Eg sa det i går under oppsummeringa: Ungdomen som var i går er ein fryd og ein pryd for samfunnet, seier Jonvald Naustdal.

Naustdal er ansvarleg for arrangementet frå NAF (Norges Automobil-Forbund). Det er NAF som tok initiativ til arrangementet.

– Vi har eit fantastisk samarbeid med skulane. Men ikkje berre med skulane, også med foreldre og frivillige, og med alle organisasjonane som bidreg til at vi kan ha så mange flotte aktivitetar for ungdomen, seier Naustdal.

  • Sjå video og biletgalleri lenger nede.

– Paintball var det kjekkaste

10.-klassing Teis Haram Malterud stadfestar inntrykket dei vaksne gir.

– Dette var kjempegøy. Det var spesielt gøy at så mange var der, seier han.

Han rosar arrangørane for å leggje opp til eit så stort utval av aktivitetar for ungdom.

– Det var mange ting eg hadde lyst å prøve. Gokart og paintball stod høgt på lista. Det var nok paintball som var aller mest moro, skulle ønske eg kunne gjort det heile kvelden.

– Trur du eit slikt arrangement kan halde ungdomen vekke frå alkohol?

– Eg håpar det. Det kan i alle fall ikkje skade. Det er jo difor vi har ein slik kveld, for å ha eit alternativ., seier Malterud.

Pizzakos

PIZZA OG BRUS: Ei koseleg stund med pizza og brus på den alkoholfrie aktivitetskvelden.

Foto: Jan Myklebust / Privat

– Gocart er det store

Og det mangla ikkje på aktivitetar. Gokart, veltepetter/bråstopp, paintball, førstehjelp, radiobilar og bogeskyting var berre noko av det elevane kunne kose seg med

– Når ein ser på den lista ser ein at denne kvelden er ein kombinasjon. Det vart mykje moro, men viktig læring i tillegg, seier Naustdal.

Og NAF-mannen seier det er tanken bak heile arrangementet.

– Vi må lage det så artig at elevane har lyst å vere der, men vi må også skape læring. Gokart var heilt klart det store denne kvelden.

Det var raudekrossen som kursa elevane i hjarte- og lungeredning. Veltepetter og bråstopp er apparat som NAF eig, der målet er at ungdomane skal få kjenne korleis det er å krasje og korleis bilbelte fungerer.

(artikkelen held fram under videoen)

Elevane testar bråstopp frå NAF på rusfritt arrangement for 10.-klassingar i Førde

SAKTE: Det går sakte i forsøket på ein krasj, men likevel kjenner elevane effekten godt.

Nytt rusfritt arrangement 16. mai

Elevane fekk pizza og brus. Politiet var også på besøk, slik at elevane som ville kunne få blåse i alkometer.

– Men det vart ingen utslag! Dette var 150 edrue unge menneske i godt humør.

NAF har no arrangert rusfrie aktivitetskveldar i rundt 10 år i Førde. Det er faktisk så mange som vil vere med at dei no skal ha ein ny aktivitetskveld dagen før nasjonaldagen.

– Ungdomane frå ungdomsskulane i Førde og i Eikefjorden fylte nesten opp kapasiteten vår på 180, så no skal vi ha ny kveld for elevar frå andre kommunar i NAF avdeling Fjordane og ytre Sogn, seier Naustdal.

Han seier dei vil fortsetje mykje lenger enn dei ti åra dei har halde på til no.

– Dette går så bra at vi kan ikkje gje oss no. Vi får svært mange positive tilbakemeldingar. Men vi er også opne for tilbakemeldingar dersom det er noko vi kan rette på til neste gong.

Han seier reklamen NAF får ved å gjere dette er eit omsyn dei tek. Men ikkje det viktigaste.

– Det er eit langsiktig mål at folk flest skal få positivt syn på NAF, så ærlege får vi vere. Men det er like viktig at ungdomen har det kjekt utan rus, og at dei lærer om trafikk og redning.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førstehjelp

FØRSTEHJELP: Elevane fekk opplæring i hjarte- og lungeredning, og gjekk til oppgåva med iver.

Foto: Jan Myklebust / Privat

– Ein kjempekveld

Det var også loddtrekning med mange fine premiar. Jan Myklebust i arrangementskomiteen og foreldregruppa seier mange har stilt opp for at den delen skulle verte mogleg.

– Det er bedrifter, bankar og andre i området som har stilt opp med premiane, både gjenstandar og gåvekort. Eg tykkjer dei fortener ros for å støtte dette arrangementet, seier Myklebust.

Han fortel at han har snakka med mange, både vaksne og ungdomar, som hadde ein framifrå kveld.

– Dette var veldig vellukka! Heilt utvilsamt ein veldig flott kveld, med svært god stemning. Dette var rett og slett kjempebra.

Myklebust trur storleiken på arrangementet gjer at det vil verte enno større.

– Eg trur noko av det kjekkaste er å treffe så mange på ein gong. Dette er ein annleis festkveld der ein framleis kan treffe mange kjente og ha det moro i lag.

Og han trur det vil gjere at mange startar med alkohol seinare.

– Dette er eit alternativ til festen med alkohol som mange startar med i alderen 15 eller 16 år. Men dette er også ein fest, berre utan alkohol og utan at ungdomen treng å treffe kvarandre gatelangs i sentrum.