Hopp til innhold

SV med eige E39-standpunkt

SV kjem ikkje til å støtte korkje indre line via Stryn eller den såkalla s-en via Anda-Lote og inn på Kvivsvegen når fylkestinget skal handsame E39-saka i morgon.

Norvall Nøringset

EIGE FRAMLEGG: SV og Norvall Nøringset vil ha E39 om Stigedalen.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Det kan bety at ingen forslag får fleirtal i fylkestinget. Gruppeleiar Norvall Nøringset seier SV vil føreslå Anda-Lote og vidare opp Stigedalen og bru over Austefjorden til Volda - det såkalla K7-alternativet.

– Lokallaga våre som har uttalt seg har vore heilt klare på at dette er det beste og viktigaste alterantivet.

LES OGSÅ: – Dette er trist. Det stiller heile Arbeidarpartiet i eit dårleg lys

LES OGSÅ: Fleirtal for Anda-Lote

SV går dermed for det alternativet som Vegvesenet peika på som det nest beste alternativet etter indre line. Og Nøringset vil ikkje leggje avgjerande vekt på at dette alternativet er to milliardar kroner dyrare enn indre.

– Det er klart pengar betyr noko, men vi ser det i eit mykje større perspektiv, for her tek vi ut to ferjer som elles ville gå heile døgeret i 30-40 år framover, og tek vi med miljøgevinsten i det trur vi at den økonomiske gevinsten vil kome etter kvart.

(Artikkelen held fram under biletet).

E39 alternativa gjennom Nordfjord

DØDT LØP: Dei ulike alternativa for framtidig E39 i Nordfjord.

Foto: Statens vegvesen

Ikkje fleirtal for noko alternativ


Det kan bety at det ikkje blir fleirtal for noko alternativ når fylkestinget skal gje si fråsegn i morgon. Ut frå det partia har signalisert på førehand vil indre line via Stryn få 17 eller 18 røyster, Lote-Anda og s-sving innpå Kviven ligg an til å få 18 eller 19 - medan ein må ha 20 røyster for å få fleirtal.

Røysterekkefølgja i fylkestinget i morgon kan difor bli avgjerande, og Nøringset seier dette om gruppa hans på to medlemmer har ein plan B.

– I utgangspunktet ikkje, men vi vil ha midtre line med bru mellom Anda og Lote, og så håpar vi at det blir røysta i ein slik rekkefølgje at vi får høve til å røyste for det vi meiner er det beste, altså K7.