Hopp til innhold

Surfing gav han gründerprisen

Jarand Fretheim fekk tysdag fylket sin Gründerpris for ungdom 2008.

Jarand Fretheim får Gründerprisen for ungdom 2008.

Jarand Fretheim får Gründerprisen for ungdom 2008.

Foto: MMS- Eldgrim Fossheim / NRK

Fretheim har starta Stad Surf School i Hoddevika på Stad. I tillegg har han saman med ein kamerat starta reisebyrået Lapoint Travels som tilbyr actionsport verda rundt.

Stolt over prisen

Gründerprisen er på 30 000 kroner og vart delt ut under opninga av fylkestinget.

- Det kjennes absolutt bra. Vi har arbeidd hardt og godt for å få til noko nytt og spanande, og har nådd måla vi har sett oss. Eg er samstundes stolt over å motta prisen, seier han til NRK.

Glad i actionsport

Stad Surf School starta i det små for to år sidan. Sidan har verksemda ekspandert veldig. I dag tel verksemda fem årsverk administrativt, samt at Lapoint har kring 30 hjelparar kring om i verda. Fretheim flytta frå Førde til Stadlandet for i drive med lidenskapen.

- Eg har alltid likt actionsport og har halde på med snowboard. Eg fekk høyre om surfing i Hoddevika og prøvde det. Jo meir ein surfar, jo meir blir ein glad i det. Då er det heilt forferdeleg å bu i ein by, seier han.

Som Australia

Fretheim var 19 år gamal då han for seks år sidan oppdaga surfeeldoradoet i Hoddevika.

- Eg var ikkje klar over kor vakkert det er der. Det er eit paradis når du kjem over fjellet, og i tillegg kan ein drive med bølgjesurfing på lik linje med Australia. Det er heilt fantastisk, seier han.