Hopp til innhold

Sunnfjordingen gir blaffen i førarkortet

Åtte gonger på tre år er sunnfjordingen stogga med bil, men utan førarkort. Nok ein gang på han i fengsel.

Fjordane tingrett
Foto: Oddleif Løset / NRK

Då politiet stogga mannen i 19. januar og 3. mars i år, var det verken første eller andre gang at sunnfjordingen i 30-åra køyrde bil utan å ha førarkort.

For bota for to tilfelle i 2015 svei ikkje nok. Ei heller dei 30 dagane mannen vart dømd til fengsel i november i fjor for ytterlegare fire turar bak rattet.

No er mannen dømd for å ha køyrt bil for sjuande, og åttande gang, utan å ha førarkort.

Fjordane tingrett er lite imponert over mannen sin køyreaktivitet siste tre åra.

– Den sikta har fullstendig ignorert vegtrafikklova sine krav om førarkort og vist ein totalt manglande respekt for lovverket, skriv tingrettsdommar Gunnhild Grove.

Sett i lys av at tidlegare straffereaksjonar ikkje har vore nok til å hindre mannen i å halde fram køyreaktiviteten utan førarkort, sa retten seg samd i at det var på sin plass med ein streng reaksjon.

Sjølv om mannen tilstod og samtykka til at saka gjekk som tilståingssak, vart mannen dømd til fengsel i 35 dagar.