Hopp til innhold

Sunnfjording hadde narkodepot i heimen

Mannen hadde 5.000 valiumstablettar, «rekneskap», ubrukte lynlåsposar, pilleglas og brukarutstyr for narkotika. No er sunnfjordingen dømd til fengsel.

Fjordane tingrett

ILLUSTRASJON: Sunnfjordingen hevda han trudde valiumstablettane var anabole steroid. Det festa ikkje retten lit til.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Det var i juni i fjor at politiet avla mannen i 20-åra eit lite besøk i heimen.

I tillegg til ein «rekneskap» med fleire kjende namn frå narkotikamiljøet, fann polititenestemennene også 10.250 kroner spreidd utover ei bok. Pengane meiner politiet kom frå narkotikasal.

Trudde det var steroid

For mannen selde narkotika i sunnfjordbyen eitt års tid før pågripinga. Han brukte også sjølv narkotika.

Når det gjeld valiumtablettane erkjende han å ha oppbevart dei desse på vegner av to kameratar.

Tablettane vart bestilt i hans namn, og han var også med å hente pakken på postkontoret. Mannen erkjende også å ha vore med på å dele opp forseinkinga.

Selde narkotika

Derimot hevda han at han trudde det var tale om anabole steroid. Retten festa ikkje lit til dette, og viste mellom anna til både hans eiga og kameratane sine politiforklaringar like etter pågripinga.

Det vart også vist til at mannen ein periode hadde drive sal av narkotika.

– Som aktor også har vore inne på, har tiltalte her fungert som ein person som skulle ha ansvar for depotet, medan det er grunn til å tru at det er andre som har hatt den økonomiske vinninga og profittmotivet, skriv tingrettsdommar Bjørn Gunnar Sælen.

Tidlegare dømd

Mannen vart difor funnen skuldig i å ha drive omsetnad av betydeleg mengde narkotika. Han erkjende delvis straffskuld då han nyleg måtte svare for lovbrota i Fjordane tingrett.

På tiltaleposten stod også ein tur mannen og ein kamerat hadde bilen. Begge var påverka under køyreturen.

Sunnfjordingen er tidlegare straffa for promillekøyring og lekamsskading. Forholda han no gjorde seg skuldig i, skjedde i prøvetida for sistnemnde dom.

Streng påstand

Retten sa seg samd i aktor sin påstand om ei felles straff for dei to dommane, men meinte kravet om fengsel i eitt år og to månader var for strengt.

Mannen vart dømd til fengsel i åtte månader, der 120 dagar er på vilkår med to års prøvetid. Han må også betale 10.000 kroner i bot.

Til frådrag i fengselsstraffa kjem fire dagar som mannen sat i varetekt. Dei vel 10.000 kronene som politiet meiner han tente på narkotikaomsetnaden, må han sjå Staten ta hand om. Han taper også førarretten dei neste to åra.