Hopp til innhold

Sumde minst 100 meter då kajakken kantra

Ei kvinne i 50-åra kom frå uhellet utan skade. Både politi og vitne er imponerte over kreftene ho synte i det iskalde vatnet.

Avenbukta

Politiet opplyser at kvinna skal ha sumt i land på eiga hand. Ho kom frå det utan skade.

– Det er imponerande at kvinna klarte å symje i land i det kalde sjøvatnet, seier Trond Hatlenes som er operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Fekk viktig hjelp frå sjøkanten

Rolf Nygård som køyrde forbi var den som oppdaga kvinna i sjøen. Han varsla naudetatane og køyrde rett ned til sjøkanten for å hjelpe.

– Ho var minst 100 meter frå land då eg såg ho. Det er eg heilt sikker på. Då var ho allereie kome eit stykke frå kajakken, fortel han.

Nygård torde ikkje å hoppe på sjøen sjølv fordi han ikkje hadde redningsvest. Men det hadde heldigvis kvinna som då svømde for harde livet.

– Eg ropte på ho, og etter at kom i land sa ho at det hjelpte ho å presse seg sjølv vidare.

Vart køyrt heim

Også han er svært imponert over prestasjonen til kvinna. Men Nygård fekk sjølv ein dose skryt frå dei på Alarmsentralen.

– Han på telefonen takka meg og sa eg hadde gjort ein kjempegod jobb, fortel han.

Då han var i kontakt med Alarmsentralen var kvinna 20 meter frå land, men Nygård er sikker i si sak på at ho har sumd minst 100 meter. Og det utan skadar.

– Helsepersonell har køyrd ho heim igjen, så ho er i fin form, seier Hatlenes.

Politiet følgjer ikkje opp saka vidare, og kvinna får ansvar for å få kajakken tilbake til land.

– Dette var berre eit uhell som heldigvis gjekk bra, seier Hatlenes.