Politiet i Førde har også bestemt seg for å la forsvararen til den sikta få innsyn i etterforskingsdokumenta. Det stadfestar lensmann Kjell Fonn tysdag ettermiddag.
Nye avhøyr
Fonn reknar med at dette fører til at den sikta igjen vil late seg avhøyre, noko som vil skje alt i morgon.
Nye vitne
I går bad politiet nye vitne om å melde seg, og Fonn fortel at det har folk gjort i dag. Men han vil ikkje fortelje noko om kva dei har fått ut av desse nye vitna.