NRK Meny

Stryn Vinterski kan få ny eigar

Stryn Turn og Idrettslag kan ta over som eigar av Stryn Vinterski, skriv avisa Fjordingen. Styreleiar i skisenteret, Frank Håheim, trur og håpar på at idrettslaget vil ta over, noko som også vil bety at ein kan sikre seg tippemidlar, noko ein ikkje har kunna tidlegare. Saka skal opp i eit ekstraordinert årsmøte i idrettslaget om ei veke.