Hopp til innhold

Stridast om helserekning

Halvanna år etter at helseundersøkinga starta i Sløvåg, er Helse Vest og Helsedirektoratet framleis usamde om kven som skal ta rekninga.

Tankeksplosjon i Gulen.
Foto: Steinar Lote / NRK

Partane skal no ha eit møte for å avklare prosjektet si framtid. I verste fall kan granskinga bli stogga, skriv Bergens Tidende.

- Før vi har hatt dette møtet er det vasnkeleg å seie noko om kva alternativ som er aktuelle. Eg trur det er vanskeleg å få meir pengar frå Helse Vest, seier avdelingsdirektør Tor B. Aasen til avisa.

Sommaren 2008 lova miljøvernminister Erik Solheim gratis helsegransking til folk som kunne ha fått helseplager etter Vest Tank eksplosjonen i 2007.