Hopp til innhold

Strenge straffer for dopingnettverk

Over 60 personar i 16 politidistrikt vart pågripne og sikta. No ventar dei fem mest sentrale personane på dom.

Den omfattande doping- og narkotikasaka vart rulla opp og presentert under ein pressekonferanse i januar i år . Dei fleste i dpingsaka er dømde. I Sogn og Fjordane er ti personar dømde.

- I hovudsak er det berre dei større sakene som gjenstår, seier politiadvokat Lisa Førde Refsnes.

Forstod ikkje alvoret

I dag startar ei av dei mindre sakene opp i Fjordane tingrett, der ein mann i 20-åra frå Sunnfjord skal ha kjøpt og oppbevart dopingmiddel, samt motteke ein pakke med 3,5 kg dopingmidlar. Førde Refsnes meiner at mange som har vore involvert i saka, ikkje har forstått alvorlet. Fleire har mellom anna sendt, motteke og oppbevart stoff som vennetjeneste.

- Vårt inntrykk er at ein ikkje har sett alvoret og tenkjer at "det er berre ei tjeneste", "det er ikkje så farleg" og ikkje skjønar konsekvensen. Men når du veit kva hovudpersonen driv med, så er det kort avstand til du står i ei straffesak, seier Førde Refsnes.

Pressekonferanse på Sunnfjord hotell
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Fekk bruke konto

Dei fleste har tilstått forholda, men politiet har ikkje sett formildande på desse sakene. Ei kvinne i 20-åra frå Sunnfjord vart i Gulating dømd til fengsel i ti månadar, deler av tida var på vilkår, for å ha oppbevart og sendt vidare narkotiske tablettar.

- Ein person lot gjerningsmannen bruke bankkontoen sin for pengeoverføring, seier Førde Refsnes.

Hovudmannen har tilstått

Dei fem sakene som står att omfattar kjøp og sal av dopingmidlar og narkotika i stor målestokk. Dopingmiljøet brukte mellom anna posten som formidlar av stoff.

Ein sunnfjording er sentral i saka. Han har innrømma og tilstått alle forholda han er sikta for, og politiet vonar å få saka opp i retten som ein tilståingsdom på seinsommaren.