Hopp til innhold

Streik kan føre til mørklagde sognebygder

13 tilsette ved Aurland og Lærdal energi kan bli tekne ut i streik frå fredag morgon.

Lærdal Energi - adm.bygg på Grandane

STREIK: Usemje om reglar for kompensasjon gjer at montørane til Aurland og Lærdal energi kan bli tekne ut i streik frå fredag morgon. Biletet er frå Lærdal Energi sitt administrasjonsbygg på Grandane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Alle våre montørar går ut i streik. Dei einaste som blir operative er beredskapsvakta for å sikre anlegg dersom det skjer noko som er til fare for liv og helse, seier Helge Morten Vangen i Aurland Energi.

Brot i forhandlingar

Årsaka er brot i forhandlinga mellom arbeidsgjevarorganisasjonen KS Bedrift og fagforeiningane EL & IT Forbundet, Fagforbundet, Delta og Parat. Kjem ikkje partane til semje, er Aurland og Lærdal Energi blant 14 nye bedrifter som blir tekne ut i streik.

Forhandlingspartane er usamde om reglement for kompensasjon for vakt utanom arbeidstid.

– I utgangspunktet får ikkje dette følgjer for abonnentane, om det ikkje oppstår ein feilsituasjon. Står det ikkje om liv og helse risikerer dei å vere utan straum over tid, seier Vangen.

Søkjer dispensasjon

Både Vangen og Per Gullaksen i Lærdal Energi forsikrar at dei vil gjere det dei kan for å avgrense følgjene for abonnentane.

Aurland energi har kring 1.365 abonnentar, medan Lærdal har kring 1.900.

– Alders- og sjukeheimen, og ein del kloakkpumper som er avhengige av straum for å fungere tilfredsstillande, er mest kritisk i Lærdal. I tillegg har sjukehuset aggregat, men ved lengre utfall kan det bli utfordringar også der. Vi har også mange tunnelar, seier han.

– Kva har ein gjort med tanke på desse?

– Vi har søkt dispensasjon. Nokre har vi fått, andre er ikkje klarlagt. Vi har dialog med tillitsvalde og fagforeiningar om korleis ein eventuelt skal handtere det. Vi kjem også til å søkje på alt av utfall.

Har hatt lite feil

I Aurland har energiverket allereie søkt om dispensasjon for dei mange lange tunnelane på E16 gjennom kommunen. Her køyrer ambulansen dagleg.

Vangen har forståing for at det kan oppstå misnøye hos abonnentar som eventuelt blir lenge utan straum. Samstundes presiserer han at dei har hatt lite feil på nettet.

– Ingen aksepterer å vere utan straum. Det er ein viktig funksjon i samfunnet vårt, så eg har full forståing for det, seier han.

– Det er ingen heldig situasjon, men ved normal drift får ikkje dette følgjer, seier Gullaksen.