No krev dei NSB-tilsette nytt vognmateriell for å bevare helsa. Det seier hovudverneombod i NSB Drift, Sjur Krag.
- Verst er det når konduktørane går frå vogn til vogn, seier Krag.
For å få ned støyen, trengs nye vogner. Strakstiltaket er å stykke opp turnusen slik at den einskilde konduktør får minst mulig støybelasting, fortel Krag.
Trygt for passasjerane
Men for dei reisande er ikkje dette noko problem. Turen varar ikkje lenge, og passasjerane treng ikkje gå frå vogn til vogn.