Hopp til innhold

Støttar vindmølleanke

Fylkeskommunen stiller seg bak og støttar anken til Bremangerlandet Vindpark. Før jul fekk vindmølleparken i Bremanger avslag frå NVE, eit avslag dei har klaga på. Fylkesordførar Jenny Følling har sendt brev til Energidepartementet med støtte til vindparken. Der påpeikar ho at det er nødvendig å seie ja om Sogn og Fjordane skal nå sine mål om meir fornybar energi.