NRK Meny
Normal

Storutrykking etter kalv på rømmen

Kalven som no går og beitar på ei øy i Jølstra er nok ukjend med storaksjonen han utløyste i ettermiddag.

Utrykking til Jølstra

UTRYKKING: To ambulansar rykte ut etter observasjonane som var gjort i Jølstra søndag ettermiddag.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det som starta som ei dramatisk melding om observasjon av noko i elva, viste seg etterkvart å vere ein skremd kalv på rømmen.

Ambulansar rykte ut. Det gjorde også brannvernet som allereie var på oppdrag.

– Meldinga var dramatisk med det første, men så viste det seg at det handla om ein kalv som hadde kome seg i land på ei øy i elva, seier undervaktkommandør Korneliussen.

– Vi var i nærleiken og hadde båtane med oss, så vi stilte oss til disposisjon, legg han til.

Korneliussen fortel at kalven framleis går rundt på øya. Det vil han gjere til seinare når bonden gjer nye forsøk på å få kalven trygt heim att.

– Kalven får kose seg med frodig grønt gras til han har fått roa seg ned, seier Korneliussen.

– Men meldar gjorde heilt rett å melde frå om observasjonen?

– Jada. I høgste grad. No viste dette seg å vere eitt dyr, men også dei skal bergast. Er ein i stuss, så er det betre å ta ein telefon for mykje enn å vente til ei 100 prosent verifisering. Då kan det vere for seint.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser