Søderholm nemner mellom anna kamskjel, østers, leppefisk, kråkebollar, flekksteinbit, hummar og kveite.
Vantar risikokapital
Søderholm meiner det bokstavleg talt er eit hav av moglegheiter innan oppdrett. Problemet er risikovenleg kapital. Difor rår Søderholm Vestlandsrådet til å jobbe aktivt for å få staten til å ta ein større del av kostnadane med å få nye oppdrettsartar til å lukkast kommersielt. Ho meiner staten rett og slett ikkje har råd til å la vere.
- Vi må jobbe med å få sentrale aktørar til å ta finansieringsbiten på alvor. Samtidig skal vi gå i oss sjølve og sjå korleis vi nyttar våre regionale midlar. I tillegg ser vi etter risikovillig kapital hjå private næringsaktørar, seier Søderholm.
- Urealistisk
- Det er urealistisk at privatkapital åleine skal kunne ta løftet med å få ein ny art til å bli ein kommersiell suksess. Det seier bransjeansvarleg for fiskeri og oppdrett i Sparebanken Sogn og Fjordane, Roger Svarstad.
- No har det gått trått i oppdrettsnæringa dei siste to åra, og investorane er skeptiske. Så staten må vere med å bidra i stor grad, trur Svarstad.
Langsiktig jobbing
Torsdag skal Vestlandsrådet diskutere kva dei kan gjere for å fremje utviklinga av nye oppdrettsartar. Søderholm seier dei vil legge opp til eit innovasjonsprogram som skal strekke seg over 10 til 15 år.