Kvinna vart sist sett ved ein utestad i Vik sentrum kring klokka 0200 natt til laurdag. Ho hadde på seg grå jakke og grå bukse, opplyser politiet.
Den omfattande leiteaksjonen i Vik vart starta av politiet og Raude Kors klokka to i dag føremiddag. Då hadde frivillige leita sidan klokka var ti.
– Vi har søkjer no over eit større område. Vi byrja i nærområda og utvidar sirkelen etter kvart som vi ikkje finn noko, seier Bengt Ness ved operasjonssentralen i Florø.
Starta søket i sentrum
Kvinna vart meldt sakna av mannen. Begge kjem frå Hordaland og budde på ein campingplass i Vik medan dei var på gjennomreise.
– Då mannen kom tilbake der dei budde, var ikkje kona der. Han hadde søkt litt sjølv, før han melde ifrå om at ho var sakna på ettermiddagen, sa Inge Værøy i Sogn og Fjordane politidistrikt tidlegare i dag.
Politiet hadde då spurt folk som har vore ute i Vik natt om dei veit kvar ho kan vere, utan å få nokon gode svar.
– No vil vi starte søket i sentrum der ho sist vart sett.
Har trappa opp leitinga
Leitemannskapa starta søket i Vikøyri, som er området rundt uteplassen kvinna sist vart sett. Vikøyri er eit gamalt strandsitjarmiljø med små hus og tronge gater.
Politiet utvida etter kvart søket til å gjelde eit større område.
Tre spesialdykkarar frå Sogndal Raude Kors har undersøkt kulpane i elva Vikja. Ein båt med dykkarar vart òg sendt ut for å leite på fjorden. Eit Seaking-helikopter har tråla Vikjabukti med varmesøkjande kamera.
Alle fangane som er på open soning i Vik fengsel var med i leitinga. I tillegg har Norsk Folkehjelp saumfart store delar av sentrum med hundar.
Søket er no avslutta for kvelden.