Ei samanslåing av Førde, Gaular, Jølster og Naustdal vil vere eit pluss for brukarane av slike tenester. Det seier gruppeleiar Hilde Yndestad Halland.
- Det vil bli ein auke i kvaliteten på tenestene, legg ho til.
Fordel for brukarane
Arbeidet med å sjå på korleis ein storkommune i Sunnfjord vil arte seg for dei som bur der, er i full gang. Yndestad Halland leier ei gruppe som no er ferdig å utgreie korleis pleie- og omsorgssektoren vil tåle ei storstilt kommunesamanslåing. Og konklusjonen er at det vil vere til fordel for brukarane om Førde, Gaular, Jølster og Naustdal sler seg saman.
Spisskompetanse
- Vi ser føre oss å oppretthalde dei funksjonane vi har i dag. Fordelane er at vi kan samle ein del spesialeiningar som demens- og krefteiningane, og då vil vi få ein spisskompetanse på områda.
Tilbodet held fram
Andre stordriftsfordelar vil gå på kjøkkentenesta, innkjøpstenesta, og vaskeritenesta, for å nemne noko. Og skal det sentraliserast og kuttast i utgiftene, så skal heller ikkje det gå ut over tilbodet per i dag. Sentraliseringa vil først og fremst gå på leiarnivået. Men også avlastningsplassar som i dag finst i kvar kommunar, kan bli sentraliserte.