Hopp til innhold

Store prisskilnader på heiskort

Det er store prisskilnader på heiskort mellom dei ulike skisentera i Sogn og Fjordane. Røde Kors meiner mange familiar ikkje har råd til å kjøpe kort.

Søndag 18. januar var det open dag på Breimsbygda skisenter.

SKIGLEDE FOR ALLE: På Breimsbygda skisenter var det mange som boltra seg i det fine vêret, heilt gratis. (Foto/redigering: Runar Sandnes)

Om det var grunnen til at skisentera i fylket trakk fulle hus då dei inviterte til open bakke og gratis heiskort sist søndag skal vere usagt. Men alle sentera som lokka med gratis inngang melder om stor pågang.

– I går var det over 700 personar i trekket som fekk stå gratis på ski, fortel billettansvarleg på Harpefossen skisenter, Solveig Høydal.

Sist søndag var det «Åpen Bakke» i dei fleste skianlegga i Noreg. Det betyr gratis heiskort for alle som var påmelde. Målet var at fleire skal få oppleve skiglede.

Skiglede

GODE FORHOLD: Det var sol og fint føre på Utvikfjellet denne helga.

Foto: Runar Sandnes / Privat

På Harpefossen skisenter i Eid kommune var det lange køar i trekket med over 1200 besøkande.

–Vi var heldige med vêret, og det var kjempegode forhold. Totalt 1200 personar stod på ski i bakkane, noko som er maks kapasitet og opp under rekord, seier dagleg leiar på Harpefossen skisenter, Morten Storkås.

Prisoversikt i Sogn og Fjordane

Skisenter

Pris sesongkort for familie

Dagskort vaksen

Dagskort barn

Harpefossen

8300

350

275

Stryn Vinterski

7900

350

275

Hodlekve

8000

330

260

Sogn skisenter

7200

330

240

Jølster

8400

320

220

Breimsbygda skisenter

6900

300

200

Hornindal skisenter

6500

300

200

Sunnfjord skisenter

6800

240

180

Siplo skisenter Høyanger

2550

140

70

Prisliste per. 20.01.15. Kva du får for pengane vurderar ikkje vi, dette er berre ei liste over kva det koster. Sesongkort for familie gjeld to vaksne og to barn. Kjelde: Skisentera sine nettstader.

Tilbod for dei som ikkje har råd

– For mange familiar er det rett og slett for dyrt å kjøpe skikort, eller utstyr for aktiviteten, fortel Bente Nilsen frå omsorgsavdelinga til Røde Kors.

Bente Nilsen

VIKTIG TILBOD: Bente Nilsen frå omsorgsavdelinga på Røde Kors presiserer kor viktig det er med ei slikt ferietilbod.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Røde Kors driv tilbodet «Ferie for alle» som tilbyr gratis ferieleir for familiar med dårleg økonomi. I år arrangerer Sogn og Fjordane Røde Kors skileir for familiar.

I vinterferien får heile 58 personar vere med på leir ved Nordfjord fritidssenter i Stryn, og det er heilt gratis. Her får dei stå på ski, og oppleve ein skikkeleg vinterferie.

– Det handlar nesten mest om at barna skal få ein skikkeleg ferie som dei kan snakke om når dei kjem tilbake på skulen. Slik blir forskjellane mellom elevane mindre, forklarer Nilsen.

Familiar med vanskeleg økonomi kan søke om å få vere med gjennom kommunen. I år er det heilt fullt på vinterleiren, sjølv etter at Røde Kors utvida kapasiteten med 8 plassar. Heile 22 personar står på ventelista.

– Pågangen på tilbodet har blitt større og større og vi ser at det er eit stort behov for ei slik ordning, seier Nilsen.