Hopp til innhold

Store prisskilnader for vaksine

I Høyanger kostar det 40 kr å vaksinera seg mot svineinfluensa, mens det i Bremanger kostar 110 kr.

Vaksine (Illustrasjonsfoto)
Foto: colourbox.com / colourbox.com

Les også: Slik får du vaksinera deg.

På heimesidene til kommunane i Sogn og Fjordane kan ein lese at det er store prisskilnader på svineinfluensavaksina frå kommune til kommune.

Billigast i fylket er Høyanger kor prisen berre er 40 kroner, dette er under den opphavlege maksprisen sett av staten.

Fastlegane meinte at dette var for billig, og tilrådde ein pris mellom 100 og 150.

Les også: Refser leger for grådighet.

Bremanger dyrast

Ingen av kommunane som har lagt prisen for vaksinasjon på nett er så høge som 150, av desse kommunene er Bremanger dyrast med ein bris på 110 kroner.

Elles i fylket er det vanleg å leggje seg på anten 50 eller 100 kroner per sprøyte. Sjå faktaboks for nokre utvalte prisar.

Nokon reagerar

I Gaular kostar vaksinen 100 kroner. Helse- og sosialsjef i Gaular, Kjell Idar Dvergsdal, seier at nokon har reagert på at dei må betale meir enn i andre kommunar.

Han seier vidare at prisen vart sett til 100 kroner etter eit forslag frå legane som vart imøtekome.

No får legane 50 kroner, og kommunen 50 kroner per vaksinasjon i Gaular.