Hopp til innhold

Stor stemning på motorsportfestival

Det lukta svidd gummi og motorolje då Motorfestivalen vart arrangert for sjette gong. Også dette året vart festivalen ein suksess.

Bilinteresserte trossa det litt kalde og skiftande vêret og møtte mannsterke opp då Motorfestivalen gikk av stabelen i Stryn.

10.000 besøkjande også i år

Dugnadsansvarleg Odd Kåre Hjelmeland er godt nøgd med festivalen og kan fortelje om gode besøkstal også i år.

– Vi er veldig godt nøgde. Det har vore fleire lastebilar, vogntog, motorsyklar og eigentleg meir av alle typar bilar. Vêret kunne nok ha vore litt betre, men besøkstala var omtrent som i fjor, altså kring 10.000, fortel Hjelmeland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Motorfestival i Stryn

MOTORFESTIVAL: Det var stor stemning i Stryn i helga under årets Motorfestival. Her lagar Stian Rørstad rosa røyk med sin Nissan 200 SX 90.

Foto: Arne Vik

Større budsjett i år

Det er enno for tidleg å seie korleis rekneskapen ser ut etter festivalen, men Hjelmeland fortel at dei har satsa enda meir i år enn tidlegare.

– Vi har hatt betre lydanlegg, betre konferansier og eigentleg prøvd å gjere det meste betre, men vi driv uansett ikkje dette for å tene pengar. Vi gjer det fordi vi tykkjer det er kjekt, seier Hjelmeland.

Vil at folk skal kose seg

Hjelmeland fortel vidare at det viktigaste for gjengen bak festivalen er at folk skal kose seg. Både dei som bur i Stryn og alle dei tilreisande. Tilbakemeldingane dei har fått tyder på at dei har lukkast.

Motorfestival i Stryn

KONFERANSIER: Eldar Vågan var konferansier under festivalen.

Foto: Arne Vik

– Vi har fått så mykje positive tilbakemeldingar no etter festivalen så vi får tru at vi har gjort noko rett i alle fall, seier Hjelmeland.

Alt frå gamle bilar til nysvidd gummi

Det har vore mykje for det bilinteresserte auge under festivalen. Både av nytt og gammalt.

– Vi har hatt bilar frå heilt frå tidleg 1900-tal og fram til i dag. Amerikanske bilar har vi og hatt mange av. I tillegg var det mange som kom for både å sjå og delta på «dragracing», fortel Hjelmeland.

For dei som ikkje var interesserte i bil kunne festivalen i Stryn by på både musikk og god stemning.

– Eg gjekk heim i tretida i natt og då var det framleis stor stemning i sentrum. Folk har tydelegvis hatt det kjekt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Motorfestival i Stryn

AMERIKANARAR: Det var både gamle og nye bilar på utstilling under festivalen.

Foto: Arne Vik

Ikkje berre for karane

Sjølv om bil, motor og store maskiner kanskje appellerer meir til det mannlege kjønn enn det kvinnelege vil ikkje Hjelmeland seie det er ein festival berre for karane.

– Nei, her er noko for alle. Mange damer er med og ser på både nye og gamle bilar og det same gjeld ungane. Seinare takkar dei kanskje for seg for å gå på Ricco Vero eller Moods of Norway, ler Hjelmeland.

Vil gjere det enda betre neste år

Sjølv om arrangørane er godt nøgde med årets festival vil dei gjere det dei kan for å gjere neste års festival enda betre.

– Neste år vil vi gjerne ha tivoli i for ungane, slik at dei har noko anna å gå til når dei vert trøytte av å sjå på bil. Sjølv om tilbakemeldingane er gode så vil vi sjølvsagt prøve å gjere ting betre, seier Hjelmeland.

– Ja, for det vert ein ny Motorfestival neste år?

– Det kan eg garantere. Datoen er allereie bestemt. Det vert den 31. mai og den 1. juni. Så det er ikkje noko snakk om OM det blir. Det blir, seier ein lattermild Hjelmeland.