Hopp til innhold

Stor stein stengjer Flåmsbana

Ein stor stein har i løpet av natt til torsdag rasa ned på sporet til Flåmsbana. Geolog er no på veg til rasområdet ved Leite, like nord for Myrdal. Ifølgje NSB vil opp mot 2500 reisande bli råka av stenginga.

Stein på Flåmsbanen

STOR STEIN: Denne steinen falt gjennom snøoverbygget og ned på sporet ved Leite på Flåmsbana. Steinen er no flytta og det er ingen skader på sporet-

Foto: Jernbarneverket

SISTE: Klokka 14 melder Jernbaneverket at Flåmsbana er opna att. Første tog går frå Flåm klokka 14:50.

– Det er ein stor stein som har ramla ned og som sperrar bana. Vi har tilkalla geolog som kjem med helikopter for å sjå på fjellet der steinen har rasa frå, opplyser pressevakt Ragnhild Aagesen i Jernbaneverket til NRK.no like før klokka 07.30 torsdag morgon.

Steien skal ha rasa ned på sporet i området ved Leite, som ligg like nord for Myrdal. Geologen er venta på staden klokka 11.

– Må vite om det er fare for at det kjem meir

Flåmsbana startar nede ved fjorden i Flåm i Aurland, og endar på Myrdal stasjon. Den vel 20 kilometer lange togstrekninga har ei stigning på 864 meter. Ei reise med Flåmsbana er ein av dei store turistmagnetane på Vestlandet, og i fjor var det 716.000 som tok den berømte togreisa i Sogn.

Aagesen kan førebels ikkje seie noko om korleis dette vil påverke trafikken. Ho kjenner ikkje til kor stor steinen er, men seier den skal ligge på sjølve skjenegangen.

– Grunnen til at vi stengjer banen er at vi ikkje veit korleis fjellet over ser ut. Vi må vite om det er fare for at det kan kome fleire steinar, seier ho.

– Kor vanleg er det at det kjem ned stein på denne måten?

– Vi bur i eit land der vi er nokså utsette for dette. Jernbana går mellom dalar og fjell, så det skjer frå tid til anna. Heldigvis går det som regel bra, seier Aagesen.

Det er berre vel ein månad sidan Flåmsbana sist var stengd på grunn av ras. Den gong gjorde eit snøras store skader på eit rasoverbygg.

Uvisst kor tid bana kan opne

Ifølgje Aagesen skal det ikkje ha vore tog i nærleiken då steinen kom ned i natt, og det var dermed aldri fare for verken materiell eller personar.

Aagesen kan førebels ikkje seie kor tid det er venta at geologen vil kome til rasområdet, og kan difor heller ikkje seie noko om kor lenge bana vil vere stengd.

– Vi veit ikkje korleis fjellet ser ut. Dersom det er fare for at meir fjell kan rase ut, kan det ta litt tid. Om det er trygt må vi berre rydde, så kan bana opne, seier ho og legg til at Jernbaneverket håpar det ikkje tek for lang tid før dei har ei avklaring.

NSB melder på sine heimesider at dei jobbar med å organisere alternativ transport, men at reisande må rekne med forseinkingar.

Opp mot 2500 reisande blir råka

NSB har sidan dei fekk meldinga jobba med organisering av alternativ transport for dei mange reisande. Pressevakt Erik Lødding seier det er mellom 2000 og 2500 passasjerar som blir råka av stenginga.

– Dei som kjem inn til Flåm med cruiseskip og skal oppover med bana for sightseeing, vil dessverre ikkje få moglegheit for det. Det har vi varsla cruiseoperatørane om, og det er kjedeleg for dei det gjeld, seier han.

Det skal vere snakk om rundt 2000 passasjerar på skipa, og i tillegg kjem dei andre reisande som er på veg til bana med tog frå Bergen og Oslo.

– Dei som er på veg frå Oslo vil bli sleppte av på Ål og frakta til Flåm med buss, medan dei som kjem frå Bergen blir sleppte av på Voss og frakta vidare til Flåm derifrå, seier Lødding og seier dei vil ha denne ordninga fram til bana kan opne.

NSB har førebels ikkje fått klare signal frå Jernbaneverket om kor tid baka kan opne att, og ventar no geologen sin rapport frå rasstaden.

– Det viktigaste er at toget ikkje vart råka. Det som no er kjedeleg er alle dei som skulle ha opplevd den flotte naturen på strekninga. Det er mange som kjem frå utlandet, så det er kjedeleg, seier Lødding.

– No må vi koordinere dette med cruiseoperatørane slik at passasjerane likevel får ein fin dag i området.

– Dette er veldig kjedeleg

Dagleg leiar i Flåm Utvikling, Sivert Bakk seier dei førebels ikkje fått plass noko alternativ for gjestene frå dei to cruiseskipa som i dag er på vitjing i Flåm. Men han understrekar at det er nok av andre tilbod dei kan nytte seg av.

– Det kan vere tur på fjorden med RIB-båt eller charterbåtar, busstur til Stegastein, rallartog, sykling og gåing, ramsar han opp.

Han seier det er trasig for turistane som har lagt turen til Flåm for å få med seg togreisa, men at det er lite dei kan gjere.

– Vi må berre halde oss til Jernbaneverket og dei rapportane dei gir. Vi ventar på vidare beskjed frå dei, seier han og håpar det ikkje blir snakk om langvarig stenging.

Flåmsbana ved Myrdal