Hopp til innhold

Stor snøskredfare i julehelga

Det ligg mykje snø i fjella, og mange har kanskje sett fram til å endeleg få ski på beina når dei har julefri. Det bør dei vente med, er rådet til snøskredekspertane.

Snøskred i Vågan

STOR SKREDFARE: Det er meldt stor snøskredfare i fjellet i julehelga. Dette biletet er frå eit snøskred i Vågan i Lofoten.

Foto: Luftforsvarets 330 Skv.

– Til veslejulaftan varslar vi stor snøskredfare mange stader på Vestlandet, fortel Heidi Stranden ved varslingstenesta varsom.no.

Frå før er det meldt snøskredfare på nivå 2 og 3 fleire stader i dag og i morgon. Og frå laurdag går varselet opp til nivå 4 på store delar av Vestlandet. I Nord-Norge held varslinga seg på nivå 3, som signaliserer at det er betydeleg snøskredfare.

– Både nivå 3 og nivå 4 er slik at det er fare for å at det går skred, og ein må vite kva ein gjer om ein beveger seg opp i skredterreng på ski, seier Stranden.

Når skredfaren kjem opp på nivå 4, er det slik at det er stor fare både for at skikøyrar kan utløyse skred, og at kan skred kan verte utløyst av seg sjølv.

– Då skal ein vite kva ein held på med, seier Stranden.

Sjølv om ein ikkje er i veldig utsett skredterreng, skal ein også vere obs på at det kan kome skred frå høgare oppe, forklarer ho.

NVEs snøskredvarslere ute i felt

SNØSKRED: Snøskred kan vere livsfarleg, og skikøyrar som skal ferdast i skredterreng bør ha fokus på tryggleik og kjenne til kva ein skal gjere om ein hamnar i eit skred.

Foto: Erik Johnsen

– Ein bør halde seg inne på veslejulaftan

Nokre fjelltoppar har mindre skredfare enn andre, men Stranden hos snøskredvarslinga seier at ein uansett bør halde seg inne når skredfaren er som verst. På laurdag ser ho difor ingen grunn til å gå på skitur i fjellet.

– Det kjem uansett til å vere så dårleg ver at det ikkje vil vere noko kjekt å gå på tur. Det er meldt skikkeleg ruskevêr, og då er det ikkje noko særleg å vere i fjellet.

Og sjølv om nokre kanskje tenkjer at dei veit kor det er trygt og kor det er utsett, seier Stranden at ein må vere forsiktig.

– Å unngå skred handlar jo om å tolke terrenget rundt deg, og det er ikkje så lett når det er mykje vind samstundes som det regnar kattar og kaninar, seier ho.

Dei neste dagane skal det bli så mildt at det kan kome regn så høgt oppe som 1200 meter, og det er det som gjer at skredfaren blir så stor.

– Mildvêret går veldig høgt dei neste dagane, og skredfaren vil berre auke på no framover. Når ein kombinerer det med mykje regn, blir det farleg.

Stranden oppmodar alle som likevel har lyst ut på tur, å følgje nøye med på nettsida varsom.no. Der får ein oppdatert snøskredinformasjon for heile landet.