Hopp til innhold

Stor lyngbrann i Bremanger

Brannmannskapet reiste heim natt til søndag etter å ha sitte vakt ved Rylandsvatnet i Bremanger for å følge med på brannstaden. Til saman blei 500 mål brent under lyngbrannen.

Lyngbrann Bremanger 20.05.2017

RØYKUTVIKLING: Det var stor røykutvikling på staden, og alarmsentralen bad folk i nærleiken halde vindauge stengde.

Foto: Anette Synnøve Svarstad

– I 23.30-tida i natt var det kommen så mykje regn at ein med tryggleik kunne reise frå staden, seier vaktleiar Oddbjørn Aune ved alarmsentralen Sogn og Fjordane.

Meldinga om lyngbrannen kom i 15.30-tida laurdag og i fleire timar kjempa brannmannskapet mot flammane i eit hav av røyk. Mykje vind gjorde at brannen spreidde seg og det blei vanskeleg å få kontroll. Det starta med om lag 14 folk, og etter kvart blei det kalla ut ekstra folk for å få bukt med flammane.

Alarmsentralen kan framleis ikkje seie noko om årsaka til brannen.

– Politiet vil etterforske vidare for å finne ut kva som er skjedd, seier Aune.

– Det kan vere alt frå bål som ikkje er sløkt skikkeleg til at det har ligge glas på bakken i varmen, seier Espen Rysjedal ved alarmsentralen.

Brann Bremanger 20.05.2017

MYKJE RØYK: Brannmannskapet hadde vanskar med å sjå kor det brann på grunn av røyken.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Stor røykutvikling

På grunn av den veldige røykutviklinga fekk dei dårleg sikt og sleit med å sjå kor det brann. Røyken breidde seg over heile Bremanger, men gav seg i kveldinga då skodda kom sigande med litt fukt i seg.

Brann Bremanger 20.05.2017

RYLANDSVATNET: Brannen har spreidde seg over 500 mål ved Rylandsvatnet i Bremanger.