Tekst og foto: Bjarne Eldevik
- Sjølv om vergudane ikkje viste seg fra sin beste side er vi fornøgde, seier Per Henrik Gillesvik, som i lag med broren Magnar prøver å halde i hevd bøkkarfaget.
Ope hus
Fabrikken vart starta i 1904 av Henrik Grillesvik. Fram til 1986 var det sønene til Henrik, Peder og Olav Grillesvik, som dreiv med bøkkarfaget i bygningen i Hagekvik.
- Ein dag i sommarhalvåret har vi ope hus der vi fortel historia om fabrikken og bøkkarfaget, samtidig som vi lagar tønner slik at dei besøkande får eit innblikk i korleis bøkkarane arbeidde før i tida med primitive maskiner, forklarar Per Henrik.
Dei besøkande sist søndag gjekk rundt om i lokala og såg på maskiner, verktøy og ferdige tønner og teiner. Det var mange rare blikk å sjå - og då helst frå dei små som lurte fælt kva dette er er for noko og kva det blir brukt til.
Lagar tønner i ferien
Tønnene vart brukte ombord i båtar og på fabrikkar til å salte sild og fisk i. Halvtønnene vart som regel brukte som linestampar til linefiskarane.
- Kva typar tønnar lager dere og kva brukar folk desse til?
- Vi lagar heiltønner, halvtønner og krabbeteiner. Desse tønnene kan brukast til mykje, som pyntegjenstand, plante blomster i eller som klestampa, Det er berre fantasien som set grenser, fortel Per Henrik Gillesvik.
- Vi prøver å halde ope i feriane våre og lagar tønner og teiner som vi sel utover året. Eg synest at vi må prøve så godt vi kan å halde liv i den gamle, verna fabrikken og bøkkarfaget sjølv om det er historie.
Treng meir pengar
- Det å lage tønner, det krev litt trening, ler Per Henrik og Magnar som på ein imponerande og smidig måte set saman ei tønne til mange av dei besøkande si store undring…..er dette mogeleg?
Gillesvik fortel at dei prøver å få tilskot frå staten til drifta, slik at dei kan sysselsette ein mann i to-tre månader i løpet av året. Men så langt har dei berre fått pengehjelp til måling og utvendig vedlikehald. Dermed går pengane frå tønnesalet til vedlikehald av maskiner og inventar.
På gamle tomter
Ein av dei som arbeidde her eit par års tid då fabrikken gjekk for fult var Ottar Hagevik. Han var ein sjølvskriven gjest under den opne dagen sist søndag. Ottar kan fortelje om eit yrande liv før sildesesongen starta og alle skulle ha tønner og salte sild i. Bøkkarane stod på rekke langsmed veggane og laga tønner.
- Det var tider det, humrar Ottar, og viser oss ein hammar som vart brukt å slå på tønnelokka med.
Freda fabrikk
Hagevik Tønnefabrikk er no den einaste tønnefabrikken som er freda.
- Det hender vi har ein og annan skuleklasse på besøk når det høvar slik, seier Per Henrk.