Hopp til innhold

Her er dei billegaste og dyraste fotballskulane rundt omkring i fylket

Det er store prisforskjellar på fotballskulane, det viser ei oversikt NRK.no har laga over 19 av fotballskulane her i fylket. Dyrast er det i Sogndal - og no reagerer foreldre på dei store prisforskjellane.

Fotballskular i Sogn og Fjordane

I Sogndal kostar det over tusen kroner per deltakar for 16 timar fotballskule. Det gjev ein pris på 68 kroner per time.

Det er nesten det dobbelte av gjennomsnittet i fylket og nesten tre gonger dyrare enn fotballskulen på Hafslo. Der må kvar deltakar ut med 300 kroner for 12 timar. Det er billigast, viss ein ser bort frå fotballskulen i Hornindal, som er gratis for deltakarane av Grodås Cup.

– Eg synest nesten det er hårreisande at det skal vere såpass dyrt, seier Rita Orrestad frå Sogndal. Ho har tre ungar i fotballskulealder og seier prisen er noko som har irritert foreldre i Sogndal lenge.

– Mange er ueinige i prisen og tykkjer han er altfor høg. Men det er ikkje nok folk som seier frå, dei berre betalar og held stilt. Prisen har berre stige og stige. Eg kan ikkje skjøna at Sogndal skal vere så mykje dyrare enn andre klubbar, seier ho.

Enkel logikk

Egil Mundal, dagleg leiar i Sogndal fotball, meiner fotballskulen ikkje er dyr, viss du ser kva deltakarane får igjen for prisen.

– Vi har dei beste fotballfasilitetane, kanskje i heile landet. Samstundes som vi ønskjer å ha høg kompetanse. Summa summarum så gjer det at prisen er 1090 kroner for ei veke. Det er mange som har takka ja til det tilbodet, og det er vi glade for, seier Mundal.

Fotballskulane er i stor grad baserte på dugnadsarbeid av foreldre og frivillige. I Sogndal ønskjer dei å ha ei meir profesjonell ramme rundt opplegget. Det kostar, seier Mundal.

– Det er eit ganske stort apparat som er knytt til ein fotballskule, både på gjennomføring, på planlegging og det å ha ein sportsleg kvalitet i botn. Dette er ikkje noko stort plussføretak for Sogndal fotball, det kan eg i alle fall garantere, seier Mundal.

(Artikkelen held fram under biletet)

På fotballskule i Sogndal

DYR GLEDE: Celina Slinde, Ina Dale og Selma Fedje Rørvik tykkjer det er gøy å bli trena av spelarane til Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Prisen kan alltid diskuterast

Tommy Øren har ansvar for det sportslege opplegget. Også han trekkjer fram fasilitetane og kompetansen på trenarane, som er spelarar frå A-laget og andrelaget til Sogndal.

– Vi har bra påmelding med 96 håpefulle gutar og jenter her. Klart, prisen kan alltid diskuterast, men vi ligg der vi ligg og pengane går godt inn i systemet, seier Øren.

– Det viktigaste for meg er at ungane går herifrå på torsdag med ein følelse av at dei har lyst til å komme igjen.

Ove Midtbø i Hafslo IL har ansvar for den billigaste fotballskulen i fylket.

– Vi har vore veldig bevisste på at vi skal ha lågast mogleg deltakaravgift og størst mogleg deltaking, seier han.

– Dette er organisert som ein dugnad med frivillige foreldre og eldre ungdomar i klubben. Vi leiger ikkje inn folk til å arrangere fotballskulen, vi driv dette på dugnad.