Hopp til innhold

Stor brannfare – sett inn to skogbrannhelikopter i julehelga

Tørke, sterk vind og fleire brannar dei siste dagane gjer at to helikopter no blir sett i beredskap på Vestlandet.

Lyngbrann Atløy

STARTA SOM BÅL: Ein person har vedgått å ha kveikt opp eit bål ved Høyvika på Atløy der det var ein lyngbrann.

Foto: nrk.no-tipsar

Onsdag brann det kraftig over eit stort område i lyngen ved Høyvika på Atløy. Det tørre vêret på vestlandet har ført til fleire utmarksbrannar den siste tida. Lite nedbør, mykje vind og gammal tilgrodd lyngmark gir stor risiko for lyngbrann. – Sjansen for lyngbrann har heilt klart auka med tida, seier professor.

No sett Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap inn to skogbrannhelikopter i julehelga.

– Det veldig tørre vêret gjer at vi må heve beredskapen, seier Cecilie Daae, direktør i DSB.

Ho oppmodar folk om å vere fornuftige og unngå brannfarlege aktivitetar.

– Vi veit at dei fleste brannar i skog og utmark skyldast menneskeleg aktivitet, og gjerne at ein har vore uforsiktig.

Dei to helikoptera blir stasjonert på Bringeland og i Sauda. DSB opprettar også ei vaktordning som skal hjelpe dei lokale brannvaktene.

Auka brannfare

Professor ved Institutt for brannsikkerheit ved Høgskulen på Vestlandet, Torgrim Log, seier det er ein auka risiko for lyngbrann.

– Dette ser ikkje bra ut, seier han når han ser på vêrvarslinga i området.

– Med 50-60% luftfukt, 10–12 m/s vind, og antakeleg mykje gammal tilgrodd lyngmark, så ser det for meg ut som om dette begynner å bli ganske problematisk kva angår brannrisiko, seier han.

Log fortel at det hovudsakleg er to årsaker til den store brannfaren.

– Det er ein uheldig kombinasjon av klimaendringar og endringar i landskapspleie. No er det heller ikkje eit snølag, som det var før, seier Log.

Ein svært tørr desember

Det har vore lite nedbør på heile Vestlandet den siste månaden. Nedbørsmengda ligg på mellom 20 og 40 prosent av ein normal desember.

– Det har kome mykje mindre enn normalt. Til dømes på Taklo i Sogn og Fjordane har det berre kome 95 millimeter nedbør i heile desember, seier vakthavande meteorolog Mette Skjerdal ved Vervarslinga for Vestlandet.

Kan bli ein kraftig brann

Lyngbrann spreier seg med ein rasande fart.

Torgrim Log

ÅTVARAR: Professor Torgrim Log ved Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Eit anna problem med lyngbrann, er at det brenn på utilgjengelege stader. Det er lite vegar, og det gjer det vanskeleg for brannvesenet å kome til. Når den kjem fram til busetnad kan brannen plutseleg vere oppe i ein bre front, seier han.

Ein har hatt tørre periodar før, men då var det vanlegare å med jamne brenne lyngen. Det gir både mindre brannrisiko og betre beiteforhold å fornye lyngen.

– Gammal lyng inneheld mykje døde materialar som ikkje klarar å hente opp fukt frå bakken, og er svært brannfarleg.