Hopp til innhold

Stor auke i bustadprisane

Sogn og Fjordane var det fylket der prisane på einebustader steig nest mest i fjor.

Rekkjehusfelt på Vie i Førde

DYRE REKKJEHUSVÆRE: I dette bustadfeltet nær sjukehuset i Førde går husværa til rundt 25 000 kroner kvadratmeteren.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Berre i Nord-Trøndelag, der prisane auka med 13 prosent, var auken større. Her i fylket var auken på 9,2 prosent, skriv Sogn Avis

Har du eit hus i eit attraktivt område i Sogndal, Flora eller Førde kan du få svært godt betalt om du sel. I Sogndal sentrum vart verditaksten på eit hus på 88 kvadratmeter sett til 3,3 millionar kroner – dvs ein kvadratmeterpris på 37 500 kr.

Kva huset vart omsett for vil ikkje eigedomsmeklar Jan Rune Årøy i Sparebanken Sogn og Fjordane fortelje til avisa. Han har elles ikkje inntrykk av at det var noko spesielt stor auke i prisane i fjor.

– Vi har hatt ein jamn stigning, prisane kan variere etter kva bustader som er tilgjengelege, eitt år kan det vere mange nye einebustader, eit anna år kan det vere fleire eldre hus. Dessutan er tala små, det vart selt 15 einebustader i Sogndal i fjor, dermed skal det lite til for å påverke statistikken.

Rekkjehus vel så dyrt

Men prisen på rekkjehusvære kan vere vel så høg som einebustader dersom du bur i attraktive område. I Førde gjeld det bustadområda nærast Førde sentralsjukehus. Der går husværa for rundt 25 000 kroner kvadratmeteren.

Eigedomsmeklar Kjartan Aarnes i Sparebanken Sogn og Fjordane seier at prisen kan variere svært mykje innan Førde.

– Generelt er det best prisar i bustadfelta Vie, Viebøen, Vieåsen, Slåtten og Tefre. Der er det kort avstand til sjukehuset, som er den største arbeidsplassen i Førde.

Dei dyraste einebustadene i 2011 vart omsette i Sogndal. Der måtte kjøparane ut med i gjennomsnitt 20 067 kroner kvadratmeteren for einebustader i fjor, ein auke på 33 prosent frå 2010. I Flora er kvadratmeterprisen i gjennomsnitt 18 507 kroner, i Førde 18 111 kroner.

I Årdal var gjennomsnittleg kvadratmeterpris for einebustader 15 744, i Luster 10 688, i Vågsøy 9 333 og i Høyanger 8558 kroner.

(Kjelde: Statistisk Sentralbyrå/Yngve Johnsen)

Hus til 5,1 mill kr i Førde

STOR EINEBUSTAD: Dette huset i Førde gjekk for 5,1 millionar kroner i fjor.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Einebustad til 5,1 millionar

I Førde vart ein einebustad ikkje langt frå Førde sentralsjukehus i fjor seld for 5,1 millionar kroner, men då snakkar vi om eit hus på 292 kvadratmeter brutto, så dermed er ikkje kvadratmeterprisen meir enn vel 17 400 kroner.

Og dersom vi tek med alle typar bustadeigedommar syner ein annan statistikk motsett utvikling for Sogndal av det statistikken for berre einebustader fortel. Denne statistikken viser at gjennomsnittsprisen for kvar bustadeining som vart seld for dei tre første kvartala i 2011 i Sogndal har gått ned med 2,5 prosent frå 2010.

Derimot har det vore ein kraftig auke både i Førde (20,7 prosent) og Flora (13 prosent).

Dyrast i Førde

Gjennomsnittsprisar (alle typar busatder utanom fritidsbustader) i dei tre første kvartala i 2011: Gjennomsnittspris i 2010 i parantes)

  • Førde 2 663 741 (2 206 700)
  • Sogndal 2 207 948 (2 264 321)
  • Flora 2 137 082 (1 891 220)
  • Stryn 1 857 548
  • Eid 1 775 905
  • Naustdal 1 603 875
  • Leikanger 1 582 500
  • Vågsøy 1 558 439
  • Gloppen 1 469 161
  • Jølster 1 456 000
  • Balestrand 1 418 333
  • Lærdal 1 356 571
  • Luster 1 343 292
  • Årdal 1 211 477
  • Høyanger 1 099 265
  • Gulen 1 067 700

For dei andre kommunane i fylket er tala på sal så små at det ikkje er utarbeidd statistikk.

Kjelde: Statistisk Sentralbyrå.