Hopp til innhold

Stolen Porsche stod i full fyr - politiet leitar etter førar

Sportsbilen som i går vart meldt stolen frå Nordfjordeid sentrum, stod i natt i full fyr på Stårheim i Eid kommune. Politiet leitar etter føraren av bilen.

Stårheim

– Vi har ein person i varetekt hjå oss. Denne personen har vore passasjer i bilen, og vi leitar framleis etter personen som har køyrt bilen, fortel lensmann i Eid, Webjørn Moa.

Politiet fekk melding om biltjuveriet klokka 19:40 onsdag. Bilen, som var ei Porsche 911, stod parkert, var open og nøklane fann seg i bilen.

Jørn Arne Tomasgård var vitne til tjuveriet. Han var på treningssenteret like ved.

– Det er var ein person som gjekk rundt bilen og såg på den, før han tok i dørhandtaket. Bilen var ikkje låst og nøklane låg i midtkonsollen, fortel Tomasgård.

Tomasgård prøvde og varsle eigaren, men føraren kjørte sin veg.

Bilen vart observert ved køyrande i høg hastigheit ved Haus i Eid kommune av ein tipsar. Klokka 03 fekk politiet melding frå den same tipsaren om at bilen stod i full fyr bak kyrkja på Stårheim.

– Når vi kom fram stod bilen i flammar. Det var ein rusa person på åstaden, som vi veit har vore passasjer i bilen. Føraren hadde forlate staden, seier Moa.

Begge dei to skal vere kjenningar av politiet. Politiet opplyser at bilen skal vere totalvraka.

Vidare vil politiet halde fram leitinga etter føraren.

– Oppgåva vår er å få tak i denne personen, også må vi vurdere om det er riktig å kunne be om varetektsfengsling, fortel Moa.