Bilfelgprodusenten kan ikkje betale for seg, og direktør Arvid Ullebø, fryktar no at produksjonen kan stogge heilt opp.
Redninga for Fundo er at Hydro, som er den viktigaste råstoffleverandøren, framleis leverer aluminium utan å få betaling for det.
I løpet av dagen skal bedrifta ha blitt tilført ein mindre sum pengar, for å løyse dei mest akutte problema, slik at drifta kan halde fram.
Det har førebels ikkje kome til noka avklaring omkring framtida for felgfabrikken i Høyanger, som har 380 tilsette.