Hopp til innhold

UP-patruljen stogga same bilførar to gonger på to timar

Først vart sunnfjordingen stogga i 60-sona ved Brandsøy i Flora. Nokre timar seinare vart han på nytt vinka inn av den same UP-patruljen.

Up-patruljen i Sunnfjord

UP-KONTROLL: I løpet av vel to timar stogga UP-patruljen ein og same sunnfjording to gonger for fartsoverskriding.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen godtok ikkje det første førelegget, og heller ikkje det andre. No er han i Fjordane tingrett dømd til å betale 10.500 kroner.

111 km/t i 80-sona

Det var i april i år at UP-patruljen i Sunnfjord gjennomførte dei to kontrollane på riksveg 5. I 60-sona ved Brandsøy vart mannen målt til 67 km/t. Vel to timar seinare målte den same patruljen mannen til 111 km/t. Då i 80-sona ved Eikefjord.

Mannen erkjende farten i den siste kontrollen, men hevda hardnakka at han heldt fartsgrensa ved den første.

Han meinte også at gjerningsstaden var feil, og at han såleis ikkje kunne kjenne seg trygg på at politiet hadde gjort fleire feil.

Feil kontrollstad

Også den andre kontrollen meinte han vart gjennomført på ein annan stad enn det politiet opplyste. Han viste også til at dei hadde nytta feil gjerningsstad for begge kontrollane.

Høgsterett har i fleire dommar slutta seg til at slike feil ikkje skal setjast til side om ein kan sjå bort frå at dei ikkje har betydning for måleresultatet.

Noko Fjordane tingrett ikkje fann i dette tilfellet.

Sakskostnader

Politibetjentane forklara for retten at mannen avslo tilbod om å sjå måleresultata ved begge stopp-punkta.

Dermed vart fartsoverskridingane vel tusenlappen dyrare enn dei ville vore om mannen hadde godteke bøtene på staden. I tillegg får han tre prikkar på førarkortet sitt.

På toppen av dette må sunnfjordingen også ta sakskostnadane til det offentlege på 2.000 kroner.