Hopp til innhold

Stogga i fartskontroll

14 sjåførar fekk forenkla førelegg etter at dei køyrde for fort i ei 80-sone ved Amla i Sogndal torsdag kveld. Høgste målte fart var 107 km/t. Ein mann i 30-åra vart meld til politiet for køyring utan førarrett. Det vart også ei kvinne i 50-åra, som vart stogga ved Vatnasete i Sogndal. Der fekk også to andre førarar forenkla førelegg. Høgste målte fart var 108 km/t.