Hopp til innhold

Stipend til politistudentar

Sogn og Fjordane politidistrikt vurderer å innføre ei stipendordning for å rekruttere fleire politifolk til fylket.

Johan Brekke

Arkivfoto: Johan Brekke, politimeister i Sogn og Fjordane.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Krisa er størst i Florø, der vi har slitt over lenger tid, og no har eit akutt behov for folk. I Høyanger har vi óg hatt problem over tid, det same gjeld i Aurland og delvis i Årdal, seier politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke, til NRK Sogn og Fjordane.

Pliktår

Måndag skreiv avisa Firda at det er vanskeleg å få utdanna politifolk til å ta jobbar i fylket, og at ein dermed må tilsette ufaglærte.

No kan stipend verte løysinga for å lokke unge politimenn og -kvinner til distriktet.

– Ei løysing kan vere å tilby sommarvikarar frå fylket stipend for det siste året på Politihøgskolen, mot at dei pliktar seg til å jobbe til dømes to år i fylket, seier Brekke.

Lokal rekruttering

Han meiner at ein bør fokusere på å få folk frå distrikta til å søkje seg inn på Politihøgskolen.

– Det vil vere lettare å få dei tilbake til fylket, enn å få folk frå andre fylke til å søkje seg hit, seier politimeisteren.