Hopp til innhold

«Det var ein skikkeleg god odør, blanda med mygg og floge»

Mannskap jobba til 04 i natt med å rydde vegen etter at eit vogntog mista 3,5 tonn sild på riksveg 15 i Vågsøy.

Stank og store mengder mygg gjorde oppryddingsarbeidet til eitt som bergingsmannskapet seint vil gløyme.

SJÅ VIDEO: Store mengder sild fall av ein lastebil under fart ved Nygård på riksveg 15 gjennom Vågsøy. (FOTO/REDIGERING: BJARNE ELDEVIK)

Det norske vogntoget var på veg frå Kalvåg til Gardermoen då ti kar med sild ramla av ved Nygårdsvingane utanfor Måløy.

Både sild og feitt la seg utover vegbana i kring 100 meters lengde. Ingen personar vart skadde i uhellet.

– Det lukta død og forderving. Det var ein skikkeleg god odør, blanda med mygg og floge, skildrar Bjarne Eldevik som filma og fotograferte oppryddingsarbeidet.

– Ikkje sååå gale

Både Stig Eide og Øyvind Våge i brannvesenet i Vågsøy stadfestar at det lukta. Og at det var rikeleg med mygg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Opprydding av sild på riksveg 15

SPYLTE: Brannvesenet i Vågsøy spylte i timevis vegbana for sild og feitt.

Foto: Bjarne Eldevik

Hendinga vart meldt like før klokka 22. Kring klokka 0130 var dei ferdige både på staden og med reingjeringa av utstyret på brannstasjonen. Mannskap frå Halsør Maskin heldt på til klokka var 04 med å rydde sild frå grøftekanten.

– Det var nok sikkert litt verre for dei som kom tidlegare, og dei som grov silda ut av grøfta, seier Våge.

Skurer riksvegen

KOST: Vegbana vart kosta og skrubba rein.

Foto: Bjarne Eldevik

Det stadfestar ein av dei som var med på dette arbeidet. Han ynskjer å vere anonym.

– Ja, det var no litt lukt. Men for oss som er oppvaksne her ute, så var det no ikkje så gale. Vi er vande med litt av kvart, humrar han.

Kosta og skrubba

Flyttar kar med truck.

LAST: Restlasta vart lasta inn på eit anna vogntog og frakta vekk.

Foto: Bjarne Eldevik

– Det var fersk og ordentleg sildefilet, så lukta var no ikkje så galen. Men det lukta litt i dag då eg køyrde forbi. Det ligg framleis litt att, seier Eide og meiner oppryddingsarbeidet var uproblematisk.

– Eg trur nok han hadde det verre han som køyrde vogntoget, legg han til.

Eit tjukt feittlag gjorde vegbana såpeglatt på staden.

– Då vi kom til staden spylte vi først, så avfeitta vi og kosta og skrubba vegbana, før vi høgtrykkspylte med varme, fortel Eide.

Døra ramla av

Etterforskingsleiar Nils Bakke ved Vågsøy lensmannskontor seier eine døra på vogntoget fall av under transporten. Hengaren skal no til teknisk undersøking hos Statens vegvesen.

Politiet har ikkje teke beslag i førarkortet til den norske føraren.

– Dette er ei undersøkingssak, og dersom det viser seg at det er gjort noko straffbart så blir det følgt opp, seier Bakke.