Hopp til innhold

Sterkt prega etter pelstjuveri

Pelsdyrbonde Odd Magne Støyva er sterkt prega etter at nokon har stole kring 500 reveskinn frå låven hans. Kjensla av å ha mist heile livsverket er nesten ikkje til å bere.

Odd Magne Støyva

PREGA: Pelsdyrbonde Odd Magne Støyva har opplevd marerittet - 500 reveskinn er sporlaust vekke.

Foto: Sondre Dalaker(MMS) / NRK

– Det er heilt forferdeleg, seier Støyva då NRK snakkar med han tidleg tysdag morgon.

Sjølv om det har gått nokre timar sidan han oppdaga tjuveriet måndag ettermiddag, blir han framleis nesten på gråten når han skal fortelje om det som har skjedd. Hardt arbeid, der heile familien har bidrege, har vore til inga nytte.

No er reveskinn til ein samla verdi av minst ein halv million er sporlaust forsvunne. Støyva vedgår at han er både fortvila og lei seg.

– Eg har ikkje fått tid til å tenkje så mykje, men det er vel raseriet som er verst no, seier han.

– Det var heilt tomt

Det var då avløysaren skulle setje opp ein løpestreng for hundane at han oppdaga at noko ikkje var som det skulle. Kjettingen på låvedøra var øydelagt, og låvedøra som stod på gløtt vart starten på marerittet for pelsdyrbonden i Breim.

– Han ringte til meg og lurte på kva dette var for noko, så då for eg ned for å sjå, seier han.

Og synet som møtte han inne på låven er eitt han aldri vil gløyme. Etter å ha jobba og slite lenge for å få fram dei mange skinna stod han brått att med nesten ingenting.

– Det var tomt. Berre to skinn hang att. Alt var vekk, seier han stille.

– Kva tenkte du då?

– Eg veit ikkje heilt kva eg tenkte der og då, seier han tydeleg prega.

(Artikkelen held fram under biletet)

Innbrot på pelsdyrfarm i Breim

TOMT: Odd Magne Støyva vil aldri gløyme dette synet. Her hang det før reveskinn til ein verdi av over ein halv million kroner.

Foto: Sondre Dalaker(MMS) / NRK

Søvnlaus natt

Støyva skulle etter planen ha sendt skinna på auksjon for ein periode tilbake, men etter orkanen sine herjingar har han hatt sitt fulle hyre med å rydde opp i vindfall og øydelagde skogsvegar.

Støyva fortel at heile familien har bidrege i drifta og er no djupt fortvila over situasjonen.

– Natta har ikkje vore noko god natt. Det var vel først ut på kvelden i går at det gjekk opp for meg kva som har skjedd, seier han og fortel om ei vond vakenatt.

Truleg verdt rundt 600 000,-

Tjuveriet har skjedd i perioden frå 18. februar til 27. februar. Den samla verdien veit ikkje Støyva heilt enno, men truleg kan ein rekne med at kvart av dei 500 reveskinna er verdt om lag 1200–1300 kroner i snitt.

Det vil seie at reveskinn til ein verdi av rundt 600 000 kroner er borte vekk.

Politiet har vore på staden for å gjere sine undersøkingar, og vil no etterforske saka på vanleg måte. Støyva har ikkje det heilt store håpet om at skinna kjem til rette.

– Eg må berre håpe og tru på det beste, men sjansen er vel ikkje så stor. Skinna kan eg nok skyte ei lang pil etter tenkjer eg, seier han.

Frykta at dette skulle skje

Leiar i Fjordane pelsdyrlag, Håkon Lundestad, forstår godt at bonden er prega over det som har skjedd. Han seier nyhenda om tjuveriet er trist.

Det er langt frå første gong at pelsdyrbønder får ubedne gjester på besøk. Lundestad seier det no har vore ein roleg periode, men at dei lenge har frykta at det som no har skjedd skulle bli ein realitet.

– Folk låser inne skinna og er heile tida på vakt for å unngå dette. Men det ser ut at det er umogleg å avverje dette når tjuvane først tek seg til rette, seier han.

– Er det organisert kriminalitet eller kan det vere lokale som står bak?

– Eg har lite tru på at det er lokale personar. Det kan vere gjengar som reiser rundt og snusar rundt og som finn ut at her er det skinn. Men det kan og vere enkeltpersonar, seier han.

Ei mager trøyst for Odd Magne Støyva er at han har forsikra reveskinna som no er borte vekk. Lundestad i pelsdyrlaget seier bonden vil få att på forsikringa, men at dette ikkje vil dekkje heile tapet. Den lokale pelsdyrslagleiaren vil no gjere det han kan for å hjelpe bonden i tida framover.

Tjuveri av reveskinn frå pelsdyroppdrettar i Breim

PELSDYR: I denne gardsbygningen hadde bonden lagra dei 500 reveskinna som no er sporlaust forsvunne.

Foto: Sondre Dalaker(MMS) / NRK