Hopp til innhold

Her møter han for første gong borna til dei som redda livet til bestefaren hans

Jødiske Isak Eidenbom vart redda frå å bli send i konsentrasjonsleir ved at legane skreiv han inn med falsk journal som tuberkulosesjuk ved Lyster sanatorium. Laurdag møtte barnebarnet Per att etterkommarane etter dei som redda livet til bestefaren.

Fekk møte etterkommarane

STERKT: Det var sterke kjensler i sving då Per Eidenbom (t.v.) fekk møte etterkommarane etter overlegane som redda livet til bestefaren hans, Egil Jessing og Inger Johanne Skare.

Foto: Torben Stedje / NRK

– Dette er ei veldig stor oppleving, fortel Per Eidenbom.

Jøden Isak Eidenbom vart skriven inn ved Luster sanatorium med falsk journal under andre verdskrig. Eidenbom var frisk som ein fisk, men i journalen stod det at han lei av tuberkulose, og måtte ha behandling ved Harastølen.

Det sette grå hår i hovudet på tyskarane, som gjorde fåfengde forsøk på å få fakka Eidenbom og sendt han i konsentrasjonsleir.

Har levd med historia heile livet

Den dristige dekkoperasjonen vart gjort i regi av to overlegar ved Harastølen, og synte seg til slutt å berge livet til Eidenbom.

Trass i at tyskarane gjorde tallause forsøk på å hente Eidenbom, slapp han unna. Hadde ikkje så skjedd, hadde ikkje barnebarnet Per sett dagens lys.

– Eg har heile livet levd med, og høyrt om, at bestefar redda livet ved at overlege Jessing på Luster sanatorium tok seg av han her, seier Eidenbom.

Medan tyskarane jakta på folk dei ville sende i konsentrasjonsleir, vart Isak Eidenbom gøymt vekk ved Lyster sanatorium.

– Han var i verkelegheita frisk som ein fisk, og kvar gong tyskarane kom, så kasta dei som jobba her grise- og kublod over han, slik at det skulle sjå ille ut. Tyskarane snudde i døra. Bestefar levde her i to år på den måten, og det redda livet hans, seier Eidenbom.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harastølen

TIL FORFALL: Dei enorme bygningane på Harastølen, tidlegare kalla Luster sanatorium, står i dag til forfall.

Foto: Torben Stedje / NRK

Var klar på at Harastølen redda livet hans

Å vere tilbake der det skjedde, gjer sterkt inntrykk på Eidenbom.

– Dette er noko eg kjem til å ta med meg som eit stort minne heile livet vidare, seier Eidenbom.

Å få møte sonen til bestefaren sin eine redningsmann tykte han var ekstra stas.

– Han har fortalt meg at bestefar kunne vere svært bestemt på kva han ville. Med ein gong tyskarane var vekk, gjekk han fritt ut og røykte og ville høyre på radio. Han prøvde å gjere det mest mogleg livleg, sjølv om han måtte leve på denne måten, seier Eidenbom.

Han minnest godt kva bestefaren fortalde til barnebarna etter krigen.

– Han sa at hadde det ikkje vore for dei som var på Luster sanatorium, så hadde eg vore død, seier Eidenbom.

Dei fleste visste, men ingen sladra

Egil og Liv Jessing er son og dotter av overlege Jessing, og dei hugsar godt at Isak Eidenbom gøymde seg på Luster sanatorium.

– Eg hugsar det godt. Vi såg han kvar einaste dag. Då gjekk han ute med pipa. Han var synleg, og dei fleste visste at vi hadde ein jøde buande her, seier Jessing.

På den tida var det vel 150 pasientar ved Luster sanatorium, i tillegg til omtrent like mange tilsette.

– Alle observerte dette illegale forholdet, men i krigens tider var det ingen som sladra. Det er noko eg har forundra meg over i etterkrigstida, seier Egil Jessing.

Også lokalbefolkninga var med på å halde hemmelegheita skjult. Dei hadde ein heilt eigen måte å varsle på når tyskarane var på tokt.

– Vi fekk beskjed eit kvarter før tyskarane stod på trappa, og alle desse menneske var tilsynelatande lojale, seier Egil Jessing.

Falsk

LURTE TYSKARANE: Isak Eidenbom vart skriven inn ved Luster sanatorium med falsk journal, der det stod at han var diagnostisert med tuberkulose. Per Eidenbom synte fram den falske journalen under premiereframsyninga på Harastølen laurdag.

Foto: Torben Stedje / NRK

Har tenkt på å møtast lenge

Inger Johanne Skare er dotter til han som var konstituert overlege ved Luster sanatorium, overlege Smedsrud.

Sjølv vart ho fødd på Harastølen i 1943, og har følgjeleg ingen minne om Isak Eidenbom. Men historia kjenner ho godt.

– Det har vore ei av familiehistoriene hjå oss. Mine to eldre søsken var som små veldig glade i godteri, og dei var av den grunn veldig glade i Eidenbom, for han hadde alltid noko å dele, seier Skare.

For alle etterkommarane var det heilt spesielt å få møtast.

– Det er rett og slett fantastisk. Det er ei kjempeoppleving, og eg har mange gonger tenkt på om det ville vere mogleg å få til eit møte med etterkommarane. Ikkje minst for å få seie takk på vegner av bestefaren min. No står vi her. Dette er stort, seier Eidenbom.

Og det var ikkje tvil om at gleda var stor, også for etterkommarane av Jessing og Smedsrud.

– Det er heilt utruleg. Eg såg han jo som liten gut, seier Liv Jessing.

Eit bygg fullt av historie

160 personar tok turen til Harastølen for å sjå premieren på filmen «Sanatoriet – forteljingar» til regissør Therese Jacobsen laurdag. Det sette ho stor pris på.

– Eg føler filmen vart utruleg godt motteken. Og at det kom 160 personar til kinosalen her på Harastølen, eit bygg som har stått og forfalle i over 20 år, er heilt ubeskriveleg, seier Jacobsen.

Dei har jobba i ei heil veke med å få sett i stand bygningen slik at ein kunne ta i mot publikum og ha ein skikkeleg premierefest.

– Men vi hadde ikkje peiling på kor mange folk som kom til å dukke opp. Så her kunne det vorte alt frå 50 til 200, seier Jacobsen.

Luster sanatorium vart bygd i 1902, og veggene rommar tusenvis av skjebnar og historier. Jacobsen vart raskt klar på at historia til Eidenbom måtte med når dokumentaren skulle lagst.

– Det er ei fascinerande historie som eg kom over i ei undersetning i ei bok medan eg dreiv forarbeid til filmen. Eg ville dekkje alle krokane i historia til boka, alt frå tuberkulosetid til flyktningmottak, samt dei som bur her i dag, seier Jacobsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jacobsen og etterkommarane

MYKJE Å SNAKKE OM: Regissør Therese Jacobsen (r.v.) i prat med Liv og Egil Jessing, borna til overlege Jessing som var med å berge livet til Isak Eidenbom.

Foto: Torben Stedje / NRK

Må ha kjent på frykta

Men historia til Eidenbom peika seg i særklasse ut.

– Eg byrja å grave i det, og då dukka sonesonen til Isak opp. Han visste ikkje så mykje, så vi måtte gå vidare. Men no når vi fekk tak i slektningar av dei to overlegane som var her på den tida, så fekk vi ut historia, seier Jacobsen.

Isak Eidenbom vart lagt inn på isolat på Harastølen kvar gong tyskarane la i veg for å hente han. Dermed måtte dei snu med uforretta sak. Men det var ikkje utan risiko for dei som var med på dekkoperasjonen.

– Eg vil tru at dei kjente på frykta. Overlegane sette jo livet sitt i fare ved å gjere dette, så det er ei veldig dramatisk historie, seier Jacobsen.

Då ho tok til med å nøste opp i historia til bygget Harastølen, budde det to personar i bygget.

– Det har ekspandert på det året eg har jobba med filmen. No bur det fire personar her, som brukar livet sitt til å redde bygningen. Dei vil gjere huset om til eit kunst- og kulturhus, og har store visjonar for bygget, seier Jacobsen.

Ho ser for seg fleire filmprosjekt i Luster.

– Det er mykje å hengje fingrane i. Ein går ikkje tom, seier Jacobsen.