NRK Meny
Normal

Sterk kraftlinjemotstand i Gulen

Planane om kraftlinje frå Dalsbotnfjellet til Frøyset i Gulen hausta unison motbør på folkemøtet i Sløvåg onsdag kveld.

Dalsbotnfjellet vindkraftpark

50 SLIKE: Det er planar om å byggje 50 vindmøller på Dalsbotnfjellet.

Foto: Zephyr AS

Det var mellom 50 og 60 frammøtte, og konsesjonssøkjaren Zephyr AS fekk ikkje mykje støtte frå dei, fortel ordførar Hallvard Oppedal i Gulen.

– Alle kommentarane som kom fram var negative. Folk ser ikkje at det er naudsynt å byggje ut vindkraftparken og kraftlinja slik økonomien i dag er i vindkraft, vi ser at fleire konsesjonssøknader er trekte i det siste.

19 kilometer kraftlinje

Zephyr AS har fått konsesjon til å byggje ein vindkraftpark med 50 turbinar på Dalsbotnfjellet, ei avgjerd Gulen kommune har anka. Opphaveleg skulle det koplast saman med kraft frå ein park på Brosviksåta, men denne blir det ikkje noko av fordi utbyggaren har trekt seg.

Gulen-ordførar Hallvard Oppedal

MOTSTAND MOT KRAFTLINJE: Ordførar Hallvard Oppedal fekk klart svar på folkemøtet.

Foto: Gøril Sætre

Dermed er det snakk om å byggje ei 19 kilometer lang 132 KV-kinje frå Dalsbotnfjellet til Frøyset. Gulen kommunestyre skal gje si tilråding i saka 3. september, og ordføraren tek med seg motstanden på folkemøtet som eitt av argumenta mot konsesjon.

– Det er klart, og meiningane på møtet viser at det var rett av oss å sende anke på den konsesjonen som er gitt. Det er klart at dersom det ikkje blir vindkraftpark, så blir det heller ikkje kraftlinje. Men vi må forhalde oss til den søknaden som ligg her no og som vi skal uttale oss om.

– Trur ikkje det blir noko av

Dersom det blir noko av vindkraftparken vil Gulen kommune få ei inntekt på mellom fem og ti millionar kroner i eigedomsskatt i året. Men ordførar Hallvard Oppedal har ikkje så mykje tru på at planane blir realisert når det kjem til stykket.

– Eg ser at Statkraft har trekt sine planar i Midt-Norge, Ulvegreina er trekt, og BKK går no nøye gjennom sine planar. Dersom kraftprisane held seg som no trur eg ikkje det blir noko av det.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser