Førde-gut nummer fem i U19 VM i sandvolleyball

Førde-guten Bjarne Nikolai Huus og makker Christian Sandlie Sørum enda på 5. plass i U19-VM i sandbolleyball.

Bjarne Nikolai

NØGDE: F.v. Christian Sandlie Sørum og Bjarne Nikolai Huus er godt nøgde med 5. plassen i U19 VM.

Foto: FIVB

Som puljevinnarar gjekk Huus og Sørum direkte til 2. runde i sluttspelet, som gjekk i Larnaka, Kypros.

Her vart det siger 22-20 og 21-18 mot det greske laget Kavaratiz og Kontostathis.

Men det polske laget som nordmennene møtte fredag kveld, vart for sterke. Bryl og Kujawiak vann til slutt 21-12. 21-13. Men ein 5. plass i VM er likevel ein sterk prestasjon av dei to unge spelarane.

Nøgde med både EM og VM

– Det vart rett og slett for tøft for dei, og det var eit greitt tap mot ein av favorittane. Det er alltid surt å tape, men vi er alt i alt svært nøgde med resultata i både EM og VM, seier juniorlandslagstrenar Magnus B. Johansen til Firda.

Huus går på Topp Volley Norge, og her trenar han sandvolleyball to gonger i veka. Sjølv om 17-åringen likar seg med sand under føtene, er det innandørs-spel han likar best.

– Det er framleis innandørs eg likar best. Kva som skjer vidare kjem litt an på kva utvikling eg får på beach og innandørs. Men vi statsar truleg fram mot U19-VM i sandvolleyball til neste år også, seier Huus til avisa.

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med Bjarne Nikolai Huus.