Hopp til innhold

Stengde fv. 60 like før campingplass

Kenneth Sølvberg ved Nesset Fjordcamping i Olden er lite nøgd med at Vegvesenet har sperra fylkesveg 60 eit par hundre meter før campingplassen hans. Han meiner det har kosta han fleire kundar.

Sperring Olden-Innvik

STENGT: Slik er vegen stengd. Nesset Fjordcamping ligg like rundt svingen.

Foto: privat

– Dei kunne vel ha sett opp eit skilt om at vegen er stengd litt lenger framme, og latt vere å setje opp ein bom og bil med vakt som stengde vegen totalt. Det har vore stilt på campingplassen dei siste to dagane, seier eigar av Nesset Fjordcamping i Olden, Kenneth Sølvberg.

Han eig og driv campingplassen saman med sambuaren Fride Marie Kvamme, og meiner dei har gått glipp av mange overnattingsgjester grunna vegstenginga.

Etter at det store raset gjekk på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik måndag føremiddag, har vegen vore stengd.

Er avhengige av at folk svingar innom

Men stenginga, som har bestått av ein bom, er sett opp eit par hundre meter før innkøyringa til campingplassen.

– Vi er ein liten campingplass som er avhengige av dei kundane vi kan få. Men det er ingen som svingar innom ein plass dei ikkje veit om, seier Sølvberg.

Han meiner dei har tapt to dagar med drift grunna stenginga, og at Vegvesenet ikkje ville gjort noko liknande dersom det var snakk om ein større aktør.

– Det er bra toske å setje opp ei stenging like før ein campingplass. Dette kunne dei gjort annleis, men det verkar som om dei ikkje bryr seg om ein liten campingplass som vår, seier Sølvberg.

Meiner dei burde sperra nærare raset

Han har ved fleire høve snakka med Vegvesenet om saka, og fått beskjed om at stenginga er der fordi det er mogleg å snu større køyretøy der.

– Eg forstår at det er vanskeleg å snu, men må dei sperre for alle? Dessutan burde dei som eventuelt køyrer feil, kunne rygge, seier Sølvberg.

Han hadde heller sett at det vart sett opp eit skilt med sperring lenger framme, og at den fysiske sperringa stod lenger inn mot rasstaden.

– Folk som budde på campingen måndag lurte på om dei måtte køyre ein lang omveg for å komme seg herifrå. Dei forstod ingenting, seier Sølvberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nesset Fjordcamping

LIKE FØR: Slik ser Nesset Fjordcamping ut frå andre sida av fjorden. Like til venstre for campingplassen er vegen stengd.

Foto: privat

– Utanlandske turistar bryr seg ikkje om skiltinga

Terje Samuelsen i Statens vegvesen kjenner til synspunkta til Sølvberg, og meiner dei har gjort det beste ut av situasjonen.

– Sperringa står der ho står fordi det er der vi klarar å snu bilar med campingvogn, og bubilar. Det har vi også prøvd å forklare eigaren av campingplassen, seier Samuelsen.

– Men kunne det ikkje stått eit skilt som informerte om sperringa, og at sjølve sperringa stod litt lenger framme?

– Det er skilta i Stryn om at vegen er stengd. Men det tek ikkje dei utanlandske turistane omsyn til. Vi har måtte snu fleire hundre utanlandske bilar, for dei køyrer som om vegen er open. Det ville vorte reine kaoset, seier Samuelsen.

Meiner dei har informert

Han meiner også at Vegvesenet har bidrege med god informasjon til potensielle kundar hjå Nesset Fjordcamping.

– Eg har snakka med vaktene våre der, og dei har også informert turistane om at det er ein campingplass like forbi her, meiner Samuelsen.

Vegen vert opna for fri ferdsle ved midnatt tysdag.