Hopp til innhold

Stengde møtet med ministeren

Då miljøvernminister Erik Solheim skulle møte bygdefolket i Sløvåg vart dørene stengde for pressa.

Erik Solheim

Miljøvernminister Erik Solheim kom til Sløvåg med beskjeden om at naboane til tankanlegget skal få sjekka helsa skikkeleg.

Foto: MMS-foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Ønskjet kom frå bygdefolket sjølve. Bakgrunnen var at dei ønskte å fortelje om opplevingane i fred og ro utan eit stort pressekorps tilstades.

Det var ein audmjuk miljøvernminister som kom til Gulen i dag.

Ber britane om hjelp

Under synfaringa på tomta til Alexela Sløvåg (tidlegare Vest Tank) gav Erik Solheim uttrykkk for at han forstår bygdefolket sin frustrasjon.

- Det har teke altfor lang tid å rydde opp avfallet. Vi har kome for seint på banen. Eg skjønar godt frustrasjonen til innbyggjarane i Gulen, sa miljøvernministeren under besøket eksplosjonstomta.

Under besøket sa Solheim at han ønskjer at ein tredjepart også skal undersøke helsetilstanden bygdefolket i Gulen. Ifølgje ministeren kan det vere aktuelt å be britiske helsestyresmakter gjere ei uavhengig gransking.

Folkemøte

Etter synfaringa i Sløvåg var det møte med bygdefolket i Eidsbotn grendehus, før møte med formannskapet og besøk på Tusenårsstaden Gulatinget stod på programmet.

Solheim sa onsdag morgon nei til pengekravet frå Gulen kommune. I staden vil han passe på at avfallet vert fjerna i løpet av ein månad og at helseplagene vert kartlagt skikkeleg.

Les meir: Solheim lovar ikkje pengestøtte