NRK Meny

Steller godt med tennene

Tannhelsa til barn og unge i Sogn og Fjordane har betra seg dei siste elleve åra, viser tal frå SSB. 27 % av 18-åringane har aldri hatt hol i tennene. Det er 5 % meir enn i 2005. På landsbasis er talet 23,6 %. Hos 5- og 12-åringane har utviklinga vore endå betre. I 2016 hadde 82 % av femåringane aldri hatt hol, altså 7 % fleire enn i 2005. Og blant tolvåringane hadde 64 % feilfrie tenner i 2016, mot 52 % i 2005.

21772543
Foto: Frank May, P3472 Frank May / NTB scanpix
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.