Hopp til innhold

Steinsprang årsak til straumbrot i Vik

Søndag ettermiddag er fleire innbyggjarar i Arnafjorden i Vik utan straum.

Nese i Arnafjorden

STRAUMLAUST: – Vi må ta oss opp i området for å sjå kva som har skjedd, seier vakthavande i Sognekraft, Reidar Torsnes.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Det var nokre turistar på ei hytte som såg eit steinsprang, og det er truleg det som er årsak til straumbrotet. Kva som nøyaktig har skjedd veit ikkje. Det er mørkt, og vi torer ikkje sende folk inn no, seier Reidar Torsnes, vakthavande i Sognekraft.

Meldinga om straumbrotet kom lika før klokka 19. Kraftselskapet vil sende folk inn for å sjå på skadane måndag morgon klokka 06. Linja går frå Hustavnes til Arnafjord/Framfjord.

– Det er heilt mørkt her inn, seier Rune Lee, ei av dei som er råka av straumbrotet.

Det er uklart kor mange som er råka av feilen, men dei må bu seg på å vere utan straum i alle fall fram til måndag morgon.