Hopp til innhold

Vegen mellom Dale og Askvoll er opna etter steinras

Fylkesveg 609 mellom Dale og Askvoll var stengt mellom Dalsfjordtunnelen og Dalsfjordbrua på grunn av ras.

steinras

SSTEINRAS: Statens vegvesen gjer ei ny vurdering klokka 14 for når vegen mellom Dale og Askvoll kan opne igjen.

Foto: NRK-tipsar

Vegen mellom Dalsfjordtunellen og Dalsfjordbrua i Askvoll er open att.

Vegvesenet har fylt i hol i vegen med asfalt, og trafikken går som normalt. Det kan bli korte stengingar opp mot ein halvtime måndag, då sikringsnettet må reparerast etter raset.

Kom steinar i vegbana

– Vi har fått melding om at to store steinar har kome ned i vegbana, i tillegg ligg det framleis ein del lausmassar igjen i fjellsida som må ryddast seier Roger Nedberge Hille ved Vegmeldingssentralen i Lærdal.

Det skal ikkje ha vore folk i området då raset gjekk. Statens vegvesen vart varsla av ein forbipasserande som kom til staden like etter at raset hadde gått. Vegen er no stengd og det er ikkje moglegheiter for lokal omkøyring.

– Ein er no i gang med å på plass maskiner til å rydde, og det vert gjort ei ny vurdering av når vegen kan opne klokka 14 i ettermiddag, seier Nedberge Hille.