Hopp til innhold

Steinras sperrar veg i Hyllestad

Ved Leirvik er fylkesveg 607 stengd etter at steinar og tre har rasa ut i vegen. Det er ikkje mogleg å passere raset. Entreprenør er på veg for å rydde vegen, og det er enno uvisst kor lang tid det vil ta før vegen kan opne igjen, melder Vegtrafikksentralen.