Hopp til innhold

Steinblokk på fem tonn dundra i vegen

Ein stein på mellom fire og seks tonn har rasa ned på fylkesveg 614 mellom Svelgen og Oldeide.

Steinblokk dundra i vegbana

FLATT: Steinblokka la flat autovernet og gjorde skade på vegbana ved Litlevatntunnelen.

Foto: Gjert-Andre Solheim

Gjert-Andre Solheim og familien var på veg for å nå ferja frå Oldeide til Måløy då dei stussa over at både vegen og autovernet var trykt ned ved Litlevatntunnelen.

– Nedanfor vegen såg vi ei steinblokk på mellom fire og seks tonn. Hola var sikkert ein halvmeter djup, så her kunne det gått skikkeleg gale om det kom ein bil i 80 km/t, fortel han.

Solheim sette opp varseltrekant og varsla politiet, som igjen varsla Vegtrafikksentralen.

– Det kom brått på, så vi fekk stogga nokre bilar som kom også. Eg reknar med det må opp ein geolog, for dette er ikkje ein stad det plar rase, seier han og humrar at han gjerne vil ha att varseltrekanten sin.

Ved Vegtrafikksentralen i Bergen opplyser trafikkoperatør Katrina Kvåle entreprenør har vore på staden og lappa såret i vegbana. Vegen blir ikkje stengd.

– Holet er lappa og planen er å reise opp med geolog i morgon. Vi har samrådd oss med byggherren som seier det ikkje er umiddelbar fare for at det kjem ned meir. Difor er det bestemt å halde vegen open, seier ho.

Litlevatntunnelen